Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Vinjerock har alltid vore tufta på frivilligheit, og gjennom heile året jobbar ein dedikert Vinjestab frivillig med å skipe festivalen. Staben har fire møtepunkter i året, som og er ein viktig sosial arena for medlemma.
Ledige verv i Vinjestaben
Når me har ledige verv i Vinjestaben legg me det ut her, så følg med eller ta kontakt om du er interessert!
NK Blest
Har du eit kreativt auge, kjærleik for fjell og festival – og eit bankande hjarte for TikTok? Vinjerock søkjer ein engasjert NK Blest som vil vere med å utvikle og løfte festivalen sitt uttrykk i sosiale medium.
Som NK Blest er du ein del av blestgjengen gjennom heile året, og jobbar tett saman med blestsjefen. Du får hovudansvar for TikTok, og bidreg i det samla arbeidet med å planleggje, produsere og dele innhald på Vinjerock sine kanalar. Under sjølve festivalen er du òg med på å koordinere frivillige i SoMe‑teamet.
Å vere NK vil seie at du har ein gruppeleiar over deg, men du får eigne ansvarsområde i dialog med gruppeleiar.
Arbeidsoppgåver
-
Lage kreativt og engasjerande innhald til TikTok gjennom året
-
Bidra i planlegging og produksjon av innhald til Instagram, Facebook og nettside
-
Jobbe tett med blestsjefen om idéar, strategi og publiseringsplanar
-
Koordinere og følgje opp frivillige i SoMe‑teamet under festivalen
-
Dokumentere festivalopplevingar og stemningar på Eidsbugarden
-
Sikre at Vinjerock sitt uttrykk, språk og profil blir ivareteke
Kvalifikasjonar
-
Svært god skriftleg formidlingsevne på nynorsk
-
Erfaring med TikTok og forståing for trendar og historieforteljing
-
Erfaring med foto og/eller video er ein fordel
-
Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert gjennom året
-
Gode samarbeidsevner og trygg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
-
Kreativ, idérik og nysgjerrig
-
Strukturert og løysingsorientert
-
God på å samarbeide og kommunisere
-
Glad i folk – og ikkje redd for å ta initiativ
Me tilbyr
-
Eit sosialt, inkluderande og engasjert frivilligmiljø
-
Moglegheit til å påverke festivalen sitt uttrykk i sosiale medium
-
Varierte og spennande oppgåver i spektakulære omgjevnader
-
Ein unik sjanse til å vere tett på ein av landets mest særeigne festivalar
Praktisk info
-
Vervet varer gjennom året
-
Du må vere til stades på Eidsbugarden 16.–19. juli
-
Søknadsfrist: 1. mars 2026
-
Send søknad til: ingebjorg@vinjerock.no
Barsjef og NK Bar
Om du trivest med å sjå mange blide fjes og takknemlege festivaldeltakarar er du skapt til vervet som barsjef eller NK Bar.
Som Barsjef får du og din NK jobbe saman, og samarbeide om å løyse den herlege jobben med å servere leskjande drikker til glade Vinjerockarar.
Noverande Barsjef og NK Bar vil ha vervet under Vinjerock 2026, og me ser etter nokon som ynskjer å delta under fyrstkomande festival for å få god opplæring og kunnskapsoverføring frå dei drevne ildsjelane!
Arbeidsoppgåver
- Frivillighandtering
- Deltaking i val av varer, prissetting og utforming av barane, m.m.
- Organisering av driften av barane på Vinjerock, tre stykk i talet
- Overoppsyn over drift
- Samarbeid med leverandørar
- Lager-handsaming
- Ansvar for at opprigg og nedrigg av barane vert gjennomført
Kvalifikasjonar
-
Leiarerfaring er ein fordel
-
Ynskje om å lære noko nytt
-
Erfaring med foto og/eller video er ein fordel
-
Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert gjennom året
-
Gode samarbeidsevner og trygg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
-
Strukturert og løysingsorientert
-
God på å samarbeide og kommunisere
-
Glad i folk – og ikkje redd for å ta initiativ
Me tilbyr
-
Eit sosialt, inkluderande og engasjert frivilligmiljø
-
Moglegheit til å påverke festivalen sitt utval i barane
-
Varierte og spennande oppgåver i spektakulære omgjevnader
-
Ein unik sjanse til å vere tett på ein av landets mest særeigne festivalar
Praktisk info
-
Vervet varer gjennom året
-
Du må vere til stades på Eidsbugarden 14.–20. juli
-
Søknadsfrist: 15. mars 2026
-
Send søknad til: ingebjorg@vinjerock.no