Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen med 3000 besøkande som går over tre dagar i juli kvart år. Festivalen sitt formål er å skape unike kultur- og naturopplevingar, på naturen sine premissar. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009.
Vinjerock vart i 2022 kåra til årets beste festival av Norske kulturarrangører. Det er ein god bekreftelse, men ikkje ei kvilepute. Den beste festivalen ligg alltid foran oss.
Vinjerock er på leit etter kontorsjef
Som kontorsjef i Vinjerock har du eit overordna ansvar for ei rekke oppgåver knytta til dagleg drift. Kontorsjefen er og ein del av lederteamet med deltaking i felles administrasjonsmøter, og jobbar tett med både festivalsjef, administrasjon og den frivillige staben i .
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for Vinjerocks post og kunde-epost
- Ansvar for miljøfyrtårnrapportering
- Ansvar for Vinjerocks drive-arkiv
- Ansvar for innkjøp av forbruksvarer
- Ansvar for koordinering av innkjøp trykksaker
- Ansvar for møter og samlingar i stab og støttestab
- Ansvar for gåver og goder til stab og støttestab
- Ansvar for drift av festivalkontoret
- Ansvar for overnattingskoordinering
- Medansvarleg for internkommunikasjon
- Delta i lagerrydding, organisering og vedlikehald på kontoret
- Bistå i søknadsskriving og rapportering
- Delta i prosjektgrupper - andre arrangement
- Moglegheit for prosjektledelse under Vinjerock heile året
Kva tilbyr Vinjerock?
- 50 prosent fast stilling i ein av Noregs beste festivalar.
- Arbeidsstad på Kontorfellesskapet 1724 i vakre Vang i Valdres
- Moglegheit for heimekontor i periodar.
- Løn etter avtale.
- Moglegheit til å vere med å utvikle Vinjerock som organisasjon og tilbydar av kultur- og naturopplevingar i Valdres.
- Delta i ein sosial og fagleg god gjeng i Vinjestaben
- Tilgang på ulike goder som stabsmedlem.
Vinjerock har fem verdiområde med særleg fokus:
- Kultur- og naturglede
- Nynorsk
- Lokalt rotfeste
- Openheit
- Bêrekraft og inkludering