OBS! Når du søkjer som frivillig aksepterer du automatisk frivilligkontrakten vår. Trykk HER for å lese igjennom.
Å vere frivillig på Vinjerock er å vere ein del av fellesskapet. Saman lagar me festival, og då er det fort gjort at ein får nye vener. Du kan trygt melde deg som frivillig åleine og vite at me kjem alle til å ta godt vare på deg! Du treng korkje ha erfaring eller kunnskap frå før for å vere frivillig. Me stiller med naudsynt opplæring der det trengs.
Du er sjølvsagt velkomen som frivillig på Vinjerock om du har ei funksjonsnedsetjing, og kan nytte søknadsskjema som alle andre. Ta gjerne kontakt med frivilligsjef Ane Skaare Tveiten om du har spørsmål.
Me prøver alltid så godt me kan å oppfylle ynskja dine om vakter eller kven du vil jobbe saman med. Men me kan diverre ikkje love at alle ynskjer blir oppfylde. Vinjerock er eit fellesskapsprosjekt kor me saman jobbar for at alle skal ha den beste opplevinga, og det kan nokre gonger bety at me må stille opp og hjelpe til i andre grupper enn der me i utgangspunktet er plassert. På den måten kan alle ha det kjekt.
Me ynskjer alle velkomne som frivillig hjå oss, uavhenging av kvar du kjem ifrå eller kven du er. Me håpar at både lokale og langvegsfarande melder seg som frivillige, slik at me saman kan gjere årets Vinjerock til nok ei uforgløymeleg oppleving i fjellheimen for oss alle!
Når kan eg forvente å få svar?
Etter at søknadsskjemaet er publisert vil gruppeleiarane jobbe fortløpande med å behandle søknadar, men svar-tid kan variere noko sidan dei óg er frivillige. Du får ein e-post så snart dei har fått sett på søknaden din!
Artistvert
Nokon må ta vare på dei flotte artistane våre. Som artistvert er du kontaktperson mellom artist og Vinjerock den dagen artisten spelar. Di oppgåve er å passe på at dei som vitjar festivalen har det kjekt når dei er på vitjing hjå oss. Du skal gjere klar garderoben deira, hjelpe til med å halde backstage ryddig heile dagen og syte for at artisten kjem seg dit hen skal overnatte (med hjelp frå transportavdelinga). Artistvertane hjelper óg til i artistrestauranten vår, og med opp- og nedrigging av backstage.
Barmedarbeidar
Erfaring seier at fjellufta gjer folk ekstra tyrste, og me treng nokon med godt humør til å tappe festivaløl og andre gode drikkevarer. Her trivst ein godt om ein likar å kjenne på pulsen til festivalen, møte folk med eit smil og yte god service. Har du erfaring frå før er det topp, men definitiv ikkje naudsynt eller eit krav. Det viktigaste er at du har stå-på-villje og godt humør!
OBS: Om du ynskjer å vere med i denne gruppa må du skrive inn personnummer når du fyller ut skjemaet. Det blir berre brukt til å føre personallister.
Bussvert
Har du ei positiv haldning, er serviceinnstilt og likar å prate med folk, er dette noko for deg. Denne gruppa syt for å ta godt imot festivaldeltakarane når dei kjem på parkeringa, og gjev dei ein flott tur inn til festivalområdet. Om du i tillegg likar å prate i mikrofon vil me gjerne ha deg med som guide på skyttelbussane inn til Eidsbugarden, eller som bussvert på festivalekspressane som går t/r Oslo, Sandvika, Bergen og Trondheim.
Fjellkokk
Svoltne fjellfolk treng ordentleg mat! Som fjellkokk på Vinjerock får du jobbe med fantastiske råvarer frå Valdres, ta imot bestillingar og servere saman med ein skikkeleg kjekk gjeng der latteren sit laust. Har du erfaring frå før er det topp, men definitivt ikkje eit krav. Me er mest opptekne av at du er like glad i god mat som oss, og best av alt - frå kjøkkenet har du utsyn over heile festivalområdet.
OBS: Om du ynskjer å vere med i denne gruppa må du skrive inn personnummer når du fyller ut skjemaet. Det blir berre brukt til å føre personallister.
Foto og film
Er du fotograf eller berre ein veldig ivrig amatør? Me treng flinke folk til å fange den unike Vinjerockstemninga, både på fjellturar, konsertar, samtaler, i camp og på festivalområdet. Gjengen på foto og film dekkar festivalen gjennom stillbilete og filmsnuttar. Fortel gjerne litt om bakgrunnen din, og kva du kan tenkje deg å dokumentere. Me set òg stor pris på om du kan vise til tidlegare arbeid du har gjort, slik at me får eit inntrykk av kva du er drivande dyktig på.
Du må stille med kamera/utstyr sjølv; me stiller med låsbare skåp og lademoglegheitar på festivalområdet. Fint om du også spesifiserer i søknaden om du er mest interessert i å jobbe med foto eller film.
OBS: Avgrensa plassar.
Info og krambu
Om du liker å hjelpe folk kan du sjå hit! I Info og Krambu kan me hjelpe til med det meste. Om festivaldeltakarane har eit spørsmål, har mista soveposen sin eller vil kjøpe festival-merch, er du personen dei kjem til, så eit løysingsorientert sinn med sans for salsutstilling er ein uslåeleg kombinasjon.
Miljøarbeidar
Skriv kva ferdigheiter du har, og om du kan arbeide veka før eller etter festivalen.
Område/infrastruktur
Vinjerock treng dyktige folk for å laga eit bra festivalområde. Områdegjengen byggjer opp festivalområdet før festivalen, og riggar det ned når festivalen er over. Her trengst det folk med godt utvikla praktisk sans, pågangsmot og godt humør, som ikkje er redde for å arbeide lange dagar. Det er óg behov for mannskap som står for vaktmeistertenester under sjølve festivalen.
Skriv inn kva du kan og kvifor du vil vere med. Det er óg ein fordel om du skriv om du kan stille i veka før eller etter festivalen.
Sanitet
Som sanitetspersonell blir du ein uvurderleg ressurs for alle som vitjar festivalen. Me tek vare på alle, om det så berre gjeld gnagsår, bankande hovudverk eller overtråkk. Krav til alle søkjarar er at dei må vere ferdig utdanna sjukepleiarar eller legar. Om du er lege må du vere ferdig med LIS 1 og ha lisens for å jobbe som lege i Noreg.
Scenearbeidar
Scene, lyd og lys skal riggast opp før festivalen – og ned etter festivalen. Under festivalen hjelper du til på scena under og mellom konsertane for at programmet skal gå så knirkefritt som mogleg.
Oppgje kva vakter du er interessert i:
- Opprigg + nedrigg : Arbeid tysdag og onsdag før festivalen + nedrigg på sundag
- Ei tidleg vakt og ei sein vakt under festivalen + nedrigg på sundag
Solskinspatrulje
Solskinspatruljen er for deg som er glad i folk, smiler meir enn gjennomsnittet og trivst med å gjere andre betre! Solskinspatruljen sin oppgåve er å vere dei frivillige sine frivillige. Me skal syte for at alle dei frivillige på Vinjerock har det bra, får seg ein kopp kaffi og ein banan og held stemninga oppe 24/7. Dette er nok det trivelegaste du kan gjere som frivillig! #kosaseg
Transport
Det er mykje varer, utstyr, artistar og folk som skal fraktast til og frå når ein arrangerer festival høgt til fjells. Transportgjengen syter for at alt og alle kjem dit dei skal vere og at logistikken går saumlaust. Søkjarar med førarkort klasse D1, D1E og BE blir prioritert. Vêr snill og oppgje førarkortklassar i søknaden.
Om du ikkje har førarkort kan du vere med som parkeringsvakt, innkøyringsvakt, områdevakt som passar på at veg og område er i orden, eller hjelpe til med bussavviklinga. I transportgjengen treng me òg parkeringsvakter og bagasjestablarar, som vil vere publikum sitt fyrste og siste møte med festivalen.
Ordens- og trivelsvert
Som ordens- og trivselsvert er det ikkje naudsynt med forkunnskap frå korkje karate eller tøffe gjengmiljø. Her held det at du er omgjengeleg og hyggeleg. Kardemommelova gjeld også på Vinjerock – di oppgåve blir å sjå til at folk trivst og at det er ro og orden på området slik at alle har det bra.
OBS: Fordi politiet vil sjekke vandelen til vaktene må dei som ynskjer å vere med i denne gruppa skrive inn personnummer når dei fyller ut skjemaet.