Festivalpass for Vinjerock 2025 kjem for sal fredag 6. desember kl 12:00 på Ticketmaster

Sist oppdatert 14. november 2024

Billettar Vinjerock 2025

Festivalpass for Vinjerock 2025 kjem for sal fredag 6. desember kl 12:00Ticketmaster

Ordinært festivalpass

DNT-medlem? Me samarbeider med DNT, og medlemmar har moglegheit for å tinge billettar på eige billettslepp: onsdag 11. desember kl 12:00. For å handle treng du ei kjøpskode som du finn inne på medlemssida di hjå DNT.

DNT festivalpass

Er du mellom 13 og 21 år og busett i Innlandet fylkeskommune? Me jobbar med ei løysing for akkurat deg! Følg med for spanande nyhende!

13-21 år i Innlandet? Her kjem det meir info

Om billettsalet

Dei siste åra har me merka stor pågang under billettsalet. Difor vel me å skrive litt om korleis salet går føre seg. Før salet er det lurt å logge inn på ticketmaster og sjekke at ein har oppdatert kontoen sin. Kl. 12:00 opnar salet hjå Ticketmaster. Alle som er inne på kjøpssida for arrangementet blir lagt i ein tilfeldig kø. Når salet er i gang byrjar ein med å reservere billettar, for så å gå vidare i kjøpsprosessen. Når alle billettane er reservert kan ein difor få beskjed om at det ikkje finst fleire billettar. Nokre av desse kan verte tilgjengelege om ikkje kjøpsprosessen er fullført etter ti minutt. 

Ein kan maks kjøpe opp til fire festivalpass per person. 

Korleis får eg pryda arma mi med festivalbandet?

Billetten frå Ticketmaster byter du i festivalarmband når du kjem fram til festivalparkeringa på Tyin/Tyinkrysset. Følg skilting når du kjem til fjells! Du kan ha billetten din digitalt eller printa ut. Hugs billetten din og legitimasjon! 

Kjem du andre vegar inn til festivalområdet eller med festivalekspressen byter du til band i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. 

Vedrørande DNT-billettar: desse kan berre nyttast av DNT-medlemmar, og medlemsskap kan du kjøpe deg her.

Opningstider:

Byt frå billett til festivalarmband på Tyinkrysset frå onsdag 16. juli 2025 klokka 10:00, og inne på festivalområdet i infoteltet frå onsdag 16. juli 2025 klokka 15:00.

Hugs: 

  • Del ut billettane dine til dei som skal ha dei, kvar enkelt billett kan berre brukast ein gong.
  • Ha legitimasjon klar når du kjem.
  • Torsdag og sundag er bussbillett mellom Tyinkrysset/Tyin og festivalområdet inkludert i festivalpasset ditt.

På festivalområdet kan du betale for mat og drikke med bankkort. 

Vidaresal og overføring av billettar

Om du ser at du ikkje får nytta deg av billetten din til Vinjerock 2025 er det sikkert nokon andre som vil ha han. Ticketmaster gjev Vinjerockarar som ynskjer det tilbod om å nytte seg av Resale for vidaresal av billettar; trygt for både kjøpar og seljar. For å finne Resale-billettar må du logge inn på din brukarkonto og søkje opp Vinjerock på Ticketmaster, der vil du finne eventuelle ledige Resale-billettar. Det er ikkje mogeleg å få varsel om ledige Resale-billettar, ein må sjølv inn og sjekke. 

Merk at om du ha kjøpt ein Resale-billett kan denne ikkje seljast på nytt i Resale. Har du nytta Ticket Transfer må du overføre billetten attende til den som opprinneleg kjøpte billetten for at den kan leggast ut på Resale. 

Les meir om Resale

I tillegg vil det óg vere mogleg å overføre billettar gjennom Ticket Transfer til veners brukarkontoar før Vinjerock. Då kan dei sjølv byte frå billett til band utan at du treng å vere til stades. 

Les meir om Ticket Transfer

Det er opent for Ticket Transfer og Resale på DNT-billettar, men hugs at den du skal overføre/selje billetten til og må vere DNT-medlem for å nytte seg av billetten. 

Hugs på:

Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har me nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen: 

  • Eingongsgrillar
  • Glasflasker
  • Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
  • Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen me set opp ved stranda

Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.

 

Billettprisar 2025

Ordinær: 3120,- + bill.avgift

DNT-medlem: 3070,- + bill.avgift

Festivalpasset gjev inngang til festivalområdet oppe på Eidsbugarden, konsertar, samtaler og eit breitt aktivitetsprogram over tre dagar. I tillegg er skyttelbuss tur/retur (torsdag og sundag) frå parkeringa og inn til festivalområdet inkludert, og avmerka festivalcamp med sanitæranlegg.

Kjøpsvilkår billettar

Når du byter frå billett til band må du vise legitimasjon. Gyldig legitimasjon er:

  • Fysisk førarkort (inkludert mopedførarbevis med bilete og fødselsnummer)
  • Bankkort med bilete   
  • Digital ID i BankID-appen
  • Pass 
  • Nasjonalt ID-kort 
  • Forsvaret sitt ID-kort 
  • Opphaldskort
  • Utlendingspass 
  • Asylsøkarbevis
  • Reisebevis for flyktningar

5 kjappe om festivalpassa til Vinjerock 

  • Vinjerock er konsertar, kurs, aktivitetar og føredrag fordelt over tre dagar, midt i fjellheimen. 

  • Festivalpasset inkluderer skyttelbuss frå parkeringa på Tyin til festivalområdet på Eidsbugarden (20 km) torsdag, med retur sundag, og avmerka festivalcamp med tilgang på sanitæranlegg.

  • Nedre aldersgrense for å kjøpe festivalpass er 16 år. Det er ulik farge på armbanda til dei under og over 18 år. Er du under 16 år må du ha følgje av føresette.

  • Born under 12 år: Gratis i følgje med føresette med festivalpass. Skal du ha med born? Meld ifrå på post@vinjerock.no

  • Det er ikkje mogleg å kjøpe dagsbillettar til Vinjerock
Vinjerock 2024: Kajsa Balto - Foto: Anne Guro Røsæg

Vinjerock 2024: Kajsa Balto - Foto: Anne Guro Røsæg

Følgepersonbevis («ledsagarbevis»)

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg ein følgeperson på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand og hentar armbandet til festivalen i infoteltet ved inngangen til festivalområdet. Personen med følgepersonbevis må vera med når følgepersonen hentar armbandet sitt.

Søknadsskjema for følgeperson kjem mai 2025

For spørsmål, kontakt carl@vinjerock.no.

Videreselde festivalpass

Vinjerock tek ikkje ansvar for billettar som er kjøpt frå andre personar eller gjennom ikkje-autoriserte salskanalar (svartebørs eller privatpersonar). Dersom du vel å kjøpe billett på anna vis, er du sjølv ansvarleg for at billetten er ekte og at den ikkje er brukt fleire gonger. Ikkje betal meir for billetten enn han i utgangspunktet kostar + billettavgift.