Menyen for 2025 er klar! La munnen løpe i vatn og gled deg til alt det gode du kan ete på Vinjerock i år! 

Sist oppdatert 02. juli 2025

PotetBue

Opningstid: torsdag klokka 14:00-02:30, fredag og laurdag klokka 12:00-02.30

Bakte potet

Bakt småpotet frå Lærdal med ost, bacon frå Solemsli, mais og heimelaga kryddersmør frå Tyin.
Glutenfri (mjølk, sulfitt)

Bakte potet vegetar

Bakt småpotet frå Lærdal med steikt soppblanding, og salatost fra Valdresmeieriet.
Glutenfri (mjølk, sulfitt)
Kan serverast vegansk

Grillen e Heit

Opningstid: torsdag klokka 14:00-02:30, fredag og laurdag klokka 12:00-02.30

Tyingrill m/ ValdresOst

Ei grillpølse frå Tyinlam stappfull av ost frå Valdresmeieriet i lefse frå Valdres Bakst. Med Vinjerockblandings: Rømme og tyttebær, eller heimelaga tzatziki.
(Gluten, mjølk, sulfitt)

Burger av lokalt kjøt

Servert med solbærsylta lauk, salat og Vinjerockblandings i ein spesiallaga burgerbolle frå bakeriet på Gol. Kjøtet er frå Solemsli i Vang. 
(Gluten - hvete, mjølk, sulfitt)
Kan serverast med glutenfritt burgerbrød.

Villfiskburger

Burgaren blir servert med heimelaga frisk kålsalat i ein spesiallaga burgarbolle frå bakeriet på Gol. Gjeddekake frå Villfisken.
(Gluten - hvete, mjølk, fisk, egg, sulfitt)
Kan serverast med glutenfritt burgerbrød.

Steik! osteburger

Steik! ost frå Sygarden i Hålien. Servert med vårlauk og tomatsalsa produsert på Tyin i ein spesiallaga
burgerbolle frå bakeriet på Gol.
(Gluten - hvete, melk, sennep, egg, sulfitt)
Kan serverast med glutenfritt burgerbrød

Kaffekiosk

Opningstid: torsdag 14:00-18:00 og fredag-laurdag klokka 11:00-18:00.

Kaffe/te

Iskrem frå Cousins

Nysteikte kanelboller frå Bakeriet i Valdres 

Plukktallik

Tapastallerken med lokale godbitar! Hellekurv og spekeskinke frå Helle kjøtt, og Tyinsnabben frå Tyinlam. Av oster har me fastostene Bukono og Bufar, og Valdres brie - alt frå Valdresmeieriet. Servert med flatbrød frå Valdres Bakst 

Babberiet

Opningstid: torsdag-laurdag klokka 20:00-02:30.
(Same plass som kaffekiosken) 

Reinbabb

Reinkjøt frå Tyin servert i lefse frå Valdres Bakst med bakte grønsaker og Vinjerockblandings.
(Gluten, mjølk)

Lammegyros

Kjøt frå Tyinlam servert i lefse frå Valdres Bakst med bakte grønsaker, salatost frå Valdresmeieriet og heimelaga tzatziki.
(Gluten, mjølk, sulfitt)

VeggisBabb

Bakte grønsaker, soppblanding, heimelaga tzatziki og salatost fra Valdres ost servert i lefse frå Valdres Bakst.
(Gluten, mjølk)
Kan serverast vegansk

Oppskrift på Vinjerock-burgeren
Burger
Burger med Vinjerockblandings og ølsylta raudlauk

Vinjerockblandings til fire porsjonar:

2 dl rømme
1,5 dl tyttebærsyltetøy

Framgangsmåte:
1. Bland saman rømme og tyttebærsyltetøy
2. Om ynskjeleg, smak til med litt salt og pepar


Ølsylta raudlauk til fire porsjonar:

2 stk raudlauk
0,5 dl solbærsaft (konsentrat)
0,5 dl vatn
1 dl øl (gjerne lager eller noko med litt trøkk)
2 ss sirup
2 ss balsamicoeddik
ei klype salt og pepper etter smak

Framgangsmåte:

1. Kutt raudlauken i «halvmåneskiver»
2. Kok opp solbærsaft, vatn, øl, sirup og balsamico
3. Legg i laukskivene, smak til med salt og pepper, trekk kasserolla av plata og lat lauken stå og trekke til den er avkjølt.

Burgarane blir best med kjøttdeig frå ein lokal leverandør. Sjekk REKO-ringen på din heimstad for å sjå kva du kan få tak i. Vinjerock brukar Smådalskjøt frå Vang og Vestlandsk Storfe frå Vang. 

Legg til det du ynskjer av salat og grønnsaker, kjøp eller bak brød (me anbefalar Valdres bakeriet). Nyt!