Likar du ikkje kø? Ikke me heller. Her kjem nokre gode tips til korleis ein sjølv kan bidra til at køa går raskare og ikkje minst til korleis du kan unngå kø etter beste evne. 

Sist oppdatert 15. juli 2024

På Vinjerock er det mange som skal inn og ut av festivalområdet ila. ein dag. Og for at alt skal gå så smurt som mogleg har me nokre gloheite tips til deg. Dei kjekkaste frivillige me veit og vektarane våre jobbar på for at du skal kome deg inn på festivalområdet så for som rå. 

  • Ikkje snik, ingen jublar for ein snik. Still deg heller bakerst der køa byrjer, du treff garantert nokre kjekke folk der.
  • Ver klar når det er din tur, vis fram armbandet ditt og syn fram taska di om du har med deg den.  
  • Er det ein konsert du verkeleg vil få med deg, ver på plass tidleg. Tradisjonelt sett veit me at det kjem eit godt rykk frå camp på dei største namna, vil du vere trygg på at du får dansa og sunge til dine favorittar? Møt opp i god tid!  
  • Drikk opp og kast tomgodset ditt i pantesekk som står før inngongen til festivalområdet. Må me vente på at du skal tømme drikka tek det lengre tid for alle. 
  • Ikkje tak med deg alt du har i camp når du skal på festivalområdet, då går det diverre ekstra tid på at me må sjekke at du ikkje har med deg noko inn du ikkje får lov til å ha med. Legg gjerne att sekk, bag og lignande i camp. Lettare å danse utan ei stor bør på ryggen!  
  • Hugs at du ikkje får ha med deg desse tinga inn på festivalområdet, me vil helst bruke minimalt med tid på å diskutere kvifor kniv ikkje høyrer heime inne på festivalområdet. 
    • Kniv, spisse gjenstandar eller andre ting som kan vere til trussel for andre
    • Glasflasker og eingongsgrillar (ikkje lov på Vinjerock i det heile teke)
    • Høgtalar 
    • Hund eller andre dyr (ha med legitimasjon for førarhundbrukarar som du kan syne fram i inngongen om du har behov for det)
    • Stol (kun eit unntak, ein kan ha med stol inn på VinjeFM pratesjov og Quiz på laurdagen, men tak den med attende til camp etterpå). 
    • Du kan ha med veske/rumpetaske inn på området, legg att sekken i camp.