Billettar Vinjerock 2025
Festivalpass for Vinjerock 2025 kjem for sal fredag 6. desember kl 12:00 på Ticketmaster.
DNT-medlem? Me samarbeider med DNT, og medlemmar har moglegheit for å tinge billettar på eige billettslepp: onsdag 11. desember kl 12:00. For å handle treng du ei kjøpskode som du finn inne på medlemssida di hjå DNT.
Er du mellom 13 og 21 år og busett i Innlandet fylkeskommune? Me jobbar med ei løysing for akkurat deg! Følg med for spanande nyhende! ps. Les meir om å være under 18 på Vinjerock lenger ned på sida.
Om billettsalet
Dei siste åra har me merka stor pågang under billettsalet. Difor vel me å skrive litt om korleis salet går føre seg. Før salet er det lurt å logge inn på ticketmaster og sjekke at ein har oppdatert kontoen sin. Kl. 12:00 opnar salet hjå Ticketmaster. Alle som er inne på kjøpssida for arrangementet blir lagt i ein tilfeldig kø. Når salet er i gang byrjar ein med å reservere billettar, for så å gå vidare i kjøpsprosessen. Når alle billettane er reservert kan ein difor få beskjed om at det ikkje finst fleire billettar. Nokre av desse kan verte tilgjengelege om ikkje kjøpsprosessen er fullført etter ti minutt.
Ein kan maks kjøpe opp til fire festivalpass per person.
Korleis får eg pryda arma mi med festivalbandet?
Billetten frå Ticketmaster byter du i festivalarmband når du kjem fram til festivalparkeringa på Tyin/Tyinkrysset. Følg skilting når du kjem til fjells! Du kan ha billetten din digitalt eller printa ut. Hugs billetten din og legitimasjon!
Kjem du andre vegar inn til festivalområdet eller med festivalekspressen byter du til band i infoteltet ved inngangen til festivalområdet.
Vedrørande DNT-billettar: desse kan berre nyttast av DNT-medlemmar, og medlemsskap kan du kjøpe deg her.
Opningstider:
Byt frå billett til festivalarmband på Tyinkrysset frå onsdag 16. juli 2025 klokka 10:00, og inne på festivalområdet i infoteltet frå onsdag 16. juli 2025 klokka 15:00.
Hugs:
- Del ut billettane dine til dei som skal ha dei, kvar enkelt billett kan berre brukast ein gong.
- Ha legitimasjon klar når du kjem.
- Torsdag og sundag er bussbillett mellom Tyinkrysset/Tyin og festivalområdet inkludert i festivalpasset ditt.
På festivalområdet kan du betale for mat og drikke med bankkort.
Vidaresal og overføring av billettar
Om du ser at du ikkje får nytta deg av billetten din til Vinjerock 2025 er det sikkert nokon andre som vil ha han. Ticketmaster gjev Vinjerockarar som ynskjer det tilbod om å nytte seg av Resale for vidaresal av billettar; trygt for både kjøpar og seljar. For å finne Resale-billettar må du logge inn på din brukarkonto og søkje opp Vinjerock på Ticketmaster, der vil du finne eventuelle ledige Resale-billettar. Det er ikkje mogeleg å få varsel om ledige Resale-billettar, ein må sjølv inn og sjekke.
Merk at om du ha kjøpt ein Resale-billett kan denne ikkje seljast på nytt i Resale. Har du nytta Ticket Transfer må du overføre billetten attende til den som opprinneleg kjøpte billetten for at den kan leggast ut på Resale.
I tillegg vil det óg vere mogleg å overføre billettar gjennom Ticket Transfer til veners brukarkontoar før Vinjerock. Då kan dei sjølv byte frå billett til band utan at du treng å vere til stades.
Det er opent for Ticket Transfer og Resale på DNT-billettar, men hugs at den du skal overføre/selje billetten til og må vere DNT-medlem for å nytte seg av billetten.
Hugs på:
Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har me nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:
- Eingongsgrillar
- Glasflasker
- Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
- Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen me set opp ved stranda
Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.