Inspirert av Aasmund Olavsson Vinje, den fyrste hipsteren i fjellheimen.

Sist oppdatert 10. april 2024
Vinjerock gjev deg ei god blanding av livlege tonar og artistar frå fjern og nær, aktivitetar for alle, smaksopplevingar for dei matglade og veldig mykje kos. Festivalen går over tre dagar i juli kvart år. På Eidsbugarden ved breidda av Bygdin samlast 3500 friskusar for å høyre kvalitetsmusikk med Jotunheimen som bakteppe.

I tillegg til talrike konsertar, får festivalgjengarane moglegheit til å boltre seg i fjellheimen. På programmet står alt frå guida toppturar, til strikkekurs og fisketurar. Me serverer mat frå gode lokale råvarer, som er produsert av folk med eit hovud fullt av kunnskap og eit stort hjarte for lokal matkultur.

Me som lagar festival i fjellheimen brenn for å vare på miljøet der me lever og held til desse dagane i juli. Difor har me sidan 2011 vore Miljøfyrtårnsertifisert. Det gjer at me kan dokumentere at me fyller opp strenge miljøkrav innanfor tema arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk. Me er særs stolte over å vera eit Miljøfyrtårn, og saman med alle dykk fantastiske Vinjerockarar er me sikre på at me skal bli enda råare på å ta vare på jorda i framtida!

Vinjerock er tufta på frivilligheit.

Festivalen er dreven av Vinjestaben som utgjer omkring 36 frivillige med hjarte for ein festival i fjellheimen. Dei er ein gjeng som held til over heile landet, dei er mellom anna siviløkonomer, studentar, legar, snekkarar, lærarar og mjølkebønder. Saman med dei jobbar ein administrasjon på 3,8 årsverk frå kontoret i Vang i Valdres. 

Vinjerock har ein ideell formålsparagraf, dette betyr at det ikkje blir tatt ut utbyte frå selskapet og alle ressursane våre går til å gjere Vinjerock til det Vinjerock skal vere - ein stad me kan "kome upp å kjenne eit annat liv."

Vinjerock skal vera ein musikkfestival som blir gjennomført med minimal påverknad på nærliggande natur. Å halde til i eit nabolag med Jotunheimen og dei høgste fjelltoppane i Nord-Europa, massive isbrear og krystallklare innsjøar gjev oss både forpliktingar og inspirasjon. Vinjerock skal vera ein leiande aktør i Norge på å arrangere festivalopplevingar i naturen, og i pakt med naturen.

Kva gjer me? 

Å drive ein så miljøvennleg festival som mogleg botnar i nokre ord som er utruleg viktige, men kanskje ikkje dei mest spanande: avfall, energi, innkjøp, mat og transport. Bak desse orda ligg ein haug av tal, analysar og planar. Her får du nokre av tiltaka i praksis:

Vinjerock er ein papirlaus festival. Informasjonen du treng får du på nettsida vår og på sosiale medium. Me har forbod mot glasflasker og eingongsgrillar i leiren, og oppmodar alle våre besøkande om å tenke godt igjennom kva dei tek med seg til fjells. Dei siste åra har me brukt komposterbare ølglas og matemballasje. Avfallet har blitt til jord på avfallshandteringa SIMAS på Kaupanger, to timar køyring frå festivalen, og nyttast i bærproduksjon. 

Du som publikummar kan bidra til miljøsatsinga ved å nytte deg av festivalekspressen eller reise kollektivt til festivalen. Det finn du all informasjon om på transportsida vår, og med oppmodar sterkt om å nytte anten samkøyring eller kollektivtransport til fjells for å kutte utsleppa. 

Me elskar god mat, og i nærområdet til Vinjerock er matkulturen sterk og lang. Det syner seg på festivalmattilbodet. Me prøver så langt det går å velje lokale leverandørar med produkt me kan stå inne for, som til dømes TyinLam, Valdresmeieriene og grønsaker frå lokale leverandørar. Me har alltid vegetariske alternativ på menyen.

Miljøarbeidet er retningslinja vår i val av leverandørar og gjennomføring. Vil du vite meir om miljøarbeidet til Vinjerock, eller har du forslag til korleis me kan bli betre? Send ein mail på post@vinjerock.no, så tek me gjerne ein prat om temaet. 

Vinjerock heile året

Vinjerock starta i Vang i Valdres, og lokalsamfunnet er bærebjelken som har gjort at festivalen står støtt etter meir enn 10 år. Om me skal lage Vinjerock i 10 år til, må lokalsamfunnet vera med. 

Vinjerock heile året er ei rekke arrangement me lagar saman med lokale aktørar, og kva som er på plakaten endrar seg frå år til år. Tidlegare har me mellom anna gjort desse arrangementa: 

Vårt nabolag

Saman med Oslo World Music Festival som starta #VÅRTNABOLAG-konseptet er det Vinjerock, Vang frivilligsentral og Vang mottakssenter som står bak festivalen i Vang. Tidlegar år har mellom andre Stein Torleif Bjella, Frida Ånnevik, Moddi, Miss Tati og Oh Mama!Crew stått på scena. Mat og stemning er det dei lokale og bebuarane på Vang mottakssenter som står for. Nabolagsfesten har vore ein festlig hending i lokalsamfunnet dei siste åra, der musikk, kultur, språl og mat møtast i ei herleg blanding. Les meir om prosjektet hos Oslo World Music Festival. 

Vesle-Vinje

Våren 2019 vart Vesle-Vinje arrangert for fyrste gong. Ein musikkfestival for alle femåringane i Vang kommune, med artistar som Oh Mama!Crew, The Rebels og Anne Marie på plakaten. Vinjerock må tenke på framtida, og framtida er fem år og diggar musikk. Og femåringar er slett ikkje eit musikkpublikum ein tuller med. 

Vesle-Vinje er eit årleg tiltak i Vang i Valdres. 

Haustakkefest

I annleisåra under pandemien starta Vinjerock opp Haustakkefest og haustmakrnad i Vang. Arrangementet vart arrangert fyrste gong i 2021 saman med Sommehotellet og Frisk Forlag. Her er det fokus på lokalt handtverk, lokalprodusert mat og kultur i god foreining. Haustakkefesten har vorte vitja av artistar som Fieh, Daniela Reyes og Ingeborg Onstad.