Vinjerock blir arrangert mellom fjella i Jotunheimen, i enden av ein lang grusveg, på vakre Eidsbugarden. For at det skal bli ein god festival og infrastrukturen skal fungere, er det viktig at festivaldeltakarane spelar på lag. Korleis kjem du hit?
Festivalekspressen
Reis ubekymra til Vinjerock!
Festivalbussane i regi av Valdres Sparebank går tur/retur frå Oslo, Sandvika, Trondheim og Bergen – utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden.
Den gode festivalopplevinga byrjar allereie på bussen, som hentar deg på den lokale busstasjonen din. Derifrå sklir du elegant forbi alle køar på vegen mot målet, før du kan slenge sekken på ryggen og rusle bort til festivalcampen.
Søndag hentar bussen deg på parkeringsplassen på Eidsbugarden. Alt du treng å gjera, er å pakke telt og rydde camp, før du spaserer ubekymra til bussen som køyrer deg til heimstaden din.
Reis kollektivt
Finn kollektivtransport frå der du er, til Tyinkrysset på en-tur.no. Der bytter du til lokalbuss, eller vår skyttelbuss.
Samkøyring
Kvart år blir det oppretta ei gruppe på Facebook for samkøyring til Vinjerock. Me deler gruppa på hendinga Vinjerock 2021 når den er klar!
Festivalparkeringa opnar ONSDAG før festivalen, og parkeringsavgifta er 500 kr.
Køyr til Tyinkrysset i Vang kommune, som ligg på E16 mellom Oslo og Bergen. Festivalparkeringa finn du på Tyinkrysset eller Tyin Panorama, to mil før festivalområdet til Vinjerock på Eidsbugarden. Når du nærmar deg Tyinkrysset, vil du sjå skilt til den parkeringa du skal bruke, og folk i gule vestar vil hjelpe deg med å finne plass.
Det er ikkje mogleg for festivaldeltakarar å køyre inn til Eidsbugarden, og parkerer du langs veg, utanfor veg eller på private hyttetomter, blir du taua bort.
For Elbil er det ladestasjonar på Tyinkrysset fjellstue.
Skyttelbuss frå festivalparkeringa
Når du har komme med rutebuss til Tyinkrysset eller parkert på festivalparkeringa går vegen vidare med skyttelbuss til festivalområdet. Det er berre torsdag og søndag du har skyttelbuss inkludert i festivalpasset, onsdag må du betale. Avgangstidene ser du i faktaboksen.
Kjem du før onsdag, må du ta ordinær rutebuss frå Tyinkrysset til Eidsbugarden. Rutetidene finn du på en-tur.no.
Skyttelbussen korresponderer med rutebussar på Tyinkrysset. Festivalarmband må visast for å få vera med skyttelbussen. Om du ikkje har fått armbandet i posten, syner du ordrebekreftelse og eventuell kjøpsfullmakt.
Me gjer merksame på at det ikkje vil vere tillate å køyre bil inn til Eidsbugarden før sundag kl 16:00