I sumar finn du ikkje det tradisjonelle Intersport-teltet på Vinjerock. Men frykt ei - me har basisvarane du treng! 

Sist oppdatert 02. juli 2024

Sjølv om Intersport ikkje er til stades på festivalen i år er det mogleg å ta buss ut til Tyinkrysset for å handle hjå dei om ein treng noko ein ikkje finn på festivalområdet. Det går lokalbuss alle dagar, sjekk entur.no for rutetidar. Ellers går festivalen sine skyttelbussar fredag og laurdag, tidspunkt og meir info finn du her.  På sjølve festivalområdet finn du dette tilbodet:

Krambua 

I Krambua ved infoteltet finn du ikkje berre snacks og leskande drikke. Her sel me våre eigen feite effektar som postkort og vårt heilt eige frimerke, sydvest, gensar og t-skjorte med meir. I tillegg finn du masse vintagetøy og ikkje minst det mest essensielle for fjellfolk: 

  • Primusgass 
  • Ullsokkar
  • Buff
  • Luve
  • Hanskar 
  • Myggspray 
  • Batteri 

 

Pinsjmarknad 

I år arrangerer Pinsj bruktsalg på Vinjerock. Alt du treng å gjere er å registrere deg som brukar på Pinsj, og finne fram bruktskattane du tenkjer nokon annan kan får glede av. Du registrerar varen på pinsj.no og tek den med på Vinjerock. Dei fiksar salet for deg, mens du nyt festival. Finn fram ullgenseren eller goretex-jakka som du har innerst i skåpet frå i fjor og gje det moglegheit til eit nytt liv. Dine brukte turklede kan bli nokon andre sitt nye favorittplagg. 

Les meir om Pinsjmarknad her

 

Fondsbu 

På Fondsbu finn du ikkje berre verdas beste kanelsnurrar, du finn og forbruksvarar som tannkrem, tannkost, deodorant, myggspray, solkrem, kondomar med meir. 

 

PAKKELISTE

Du kan vera fersk eller gamal Vinjerockar, me vil likevel gi deg nokre tips på vegen opp i fjellheimen.

Mang ein Vinjerockar har vore både våt og kald når kvelden lir på, vårt mål er at du skal vera så tørr, varm, mett og tilfreds som mogleg når dagen er omme!

Viktigst av alt:

Legitimasjon og gyldig medlemsprov hjå DNT om har DNT-billett. 

Gyldig legitimasjon er: 

  • Førarkort (inkludert mopedførerbevis med bilde og fødselsnummer)
  • Bankkort med bilde   
  • Pass 
  • Nasjonalt ID-kort 
  • Forsvarets ID-kort 
  • Oppholdskort
  • Utlendingspass 
  • Asylsøkerbevis
  • Reisebevis for flyktninger

Klede, sko og slikt

Ull er gull! Legg att finskjorta heime og kle deg praktisk (og for all slags vêr)! Lurt å ha i sekken er:

  • Ullundertøy (eit par lag)
  • Ullføsslo (Ullsokkar- fleire par)
  • Mellomlagsplagg i ull eller fleece
  • Dunjakke (sjekk vêrmeldinga)
  • Vasstett/vindtett jakke
  • Vasstett/vindtett bukse
  • Fjellstøvlar eller likande
  • Joggesko
  • Vottar og vantar
  • Skjerf/hals
  • Lue/anna hovudplagg som held toppen varm
  • Handkle og svanemerka såpe for eit forfriskande bad i Bygdin
  • Toalettsaker
  • Solbriller (me satsar på sol)
  • Badekle (Bygdin ventar)
  • Shorts/t-skjorte (i tilfelle godt vêr)
  • Godt liggeunderlag og god sovepose - hugs at det blir kaldt om natta
  • Stødig telt

Ting du òg bør hugse å ta med deg

  • Kart og kompass
  • Myggolje
  • Primus/kokeapparat
  • Toalettpapir (NB! Kast det i søpla, ikkje i naturen)
  • Fyrstikker
  • Solkrem
  • Våtserviettar
  • Termos
  • Bankkort
  • Hovudlykt
  • Vinjerock.no for å få med deg nyttig informasjon

Og sist men ikkje minst: Ta med godt humør og feststemning!