Når 3250 glade Vinjerockarar skal samlast i lyngen har me nytte av nokre felles køyrereglar så både fjellet, naboen og naturen kan leve godt både under og etter Vinjerock.

Sist oppdatert 10. juli 2025

Så korleis kan det sjå ut? Anten du er ein-persons-camp eller ein gjeng på tjue glade Vinjerockarar kan me alle gjere noko for at opplevinga er så god som mogleg for alle!

  • Sorter avfall og unngå å kaste snus, sneip, tyggis og øljekkar i lyngen. Dei er vanskelege å finne att! 
  • Vis omsyn og hald eit fornuftig støynivå 
  • Ikkje ta med eingongsgrillar, glasflasker, eller soundbox på festivalen
  • ikke brenn bål - nytt heller fellesgrillen me set opp ved stranda
  • Vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret ved bruk av primus 
  • Ikkje hell noko i vatn og bekkefar som du ikkje sjølv ville bada i

Ro i camp

Når siste artist går av scena skal det vere ro i camp slik at dei som ynskjer det kan finne ro til å sova, skal ein ha etterstev i camp så ber me at ein gjer det på sånn måte at ein ikkje forstyrrar alle teltnaboar omkring seg.  

Om ein ikkje etterkjem pålegg fra frivillige, vakter eller politi om å halde ro kan ein få klypt festivalbåndet. I ytterste konsekvens kan ein bli anmeldt for å ikkje etterkomme pålegg frå politiet, som resulterer i eit forelegg. 

Slit du generelt med å sova eller er lydsensitiv oppmodar me deg til å pakke med deg øreproppar. Du vil ôg finne øreproppar på festivalområdet. 

Samstundes får ein ikkje ta med store høgtalarar på bussen, eventuelle høgtalarar som kjem dit blir du beden om å legge attende i bilen. Finn me slike høgtalarar i camp vil desse bli konfiskert og levert attende etter festival. 

Så kvifor vil me ha ro i campen på natta? 

  • Vinjerock er ein festival i eit sårbart område langt inne i fjellheimen kor det finst eit dyreliv som ikkje set pris på høg musikk døgnet rundt. Vedvarande støyforurensing kan påvirke dyra sin atferd.
  • Det er ikkje berre du som er til fjells. Omkring i campen er det og andre Vinjerockarar som ikkje vil høyre «fångad av en stormvind» for tiande gong. Kanskje skal dei på tur i morgon, opp tidleg å vere frivillig eller kanskje dei berre vil sove. Vis omsyn for dine naboar!
  • Det er ikkje berre me som er på Eidsbugarden, der finn du ôg hytteeigarar, vanlege fotturistar, DNT-hytta Fondsbu og grunneigarar. Me treng alle eit godt naboskap for å kunne skape ein god festival i fjellheimen og alle trivst betre om dei får ei god natts søvn. 

Så, for å oppsummere - ta vare på kvarandre, vis omsyn og skap det fine fellesskapet me veit at dykk Vinjerockarane er så gode på. Tak med gitaren og songstemma. Elles heiar me på at panfløyta gjenoppstår!

Årets camp 2025? 
Leiren som skapar mest god stemning, hygge, er miljøvennlige og inkluderande kan vinne den gjevaste prisen av dei alle: Årets Camp 2025!
Tradisjonen tru kårar me Årets Camp på Vinjerock 2025. Det er mykje heider og ære å hente i denne kåringa, og ikkje minst fire festivalpass til neste års festival. 

Det er ikkje berre liv og røre som verdsettast i denne ærefulle kåringa. Her skal ein ha nase for system og kjeldesortering, ein skal vera inkluderande og skape god stemning og vere kreativ. Dette er med andre ord ein konkurranse alle kan delta i. Her krevst ingen kondis eller blod, sveitte og tårer - men svært mykje kompetanse på hygge.

Kjenner du det krible i konkurransenervene? Her er reglane:

  • De er miljøbevisste og sorterer alt avfall
  • Campen lagar god stemning (det er saa viktig å kosa seg)
  • Kreativitet
  • Mest mogeleg kos, minst mogeleg stæsj (oppblåsbare badedyr vil trekke deg ned i denne konkurransen. Sjølv om flamingoar er søte.)
  • De har fokus på sporlaus ferdsel
  • De forlet eit ryddig campområde etter festivalen
  • De har omsyn for naturvern og trivsel og legg at soundboxen eller lignende høgtalarar som speler på nivå med konsertvolum heime. Ta heller med eit instrument - det trekk garantert opp. 
  • Ha ei løysning for rask som snusposar, sneipar og anna smårusk me ikkje vil ha i naturen.

Tagg bilda med #åretscamp og #vinjerock2025 på sosiale media, så finn juryen deg på runda si!

Laurdag midt på dagen går juryen rundt. Tagg oss i story på Instagram, så ser me kvar me skal gå!