Tyinholmen fjellstue finn du knappe tre kilometer frå festivalområdet, der finn du både moglegheit for familiecamp, dusj og badstove. 

Sist oppdatert 16. juli 2024
Har du med deg dei minste i familien på Vinjerock så tilbyr Tyinholmen familiecamp hjå dei, der kan du sette opp telt i ro og mak i nydelege omgjevnader hjå Runar og Margrethe som driv fjellstua. Det kostar 100 kroner  per natt under Vinjerock og gjev tilgong fasilitetar som toalett, dusj, badstove og open kafe/kiosk. 
Ynskjer du ikkje å ta føtene fatt kan du hoppe på skyttelbussane som går ut frå festivalområdet og gje beskjed om at skal av på Tyinholmen, strekk ut ei hand og vink om du vil hoppe på bussane på veg inn att. Trykk her for å få oversikt over når bussane går.
Badstove og dusj
Dei tilbyr badstove både torsdag, fredag, laurdag og sundag fra klokka 12:00 til 100 kronar. 
For jenter
  • 12:00 
  • 14:00 
  • 16:00
For gutar  
  • 13:00 
  • 15:00 
  • 17:00

For alle 

  • 18:00 og utover
Kontakt dei på post@tyinholmen.no eller 95 21 41 82 for reservasjon eller spørsmål.