Frukost servert med kjærleik
Drivar av Fondsbu er viden kjend for sine kanelbollar (festivalsjefen kan garantere for eit hopp i serotonin-nivået). Men veit du ôg at ho serverer den deiligaste frukost? Solbjørg er ikkje ei dame som tek snarvegar, og frukosten på Fondsbu er ikkje noko unntak. Forvent heimebaka brød, smør som smeltar på tunga, nydeleg pålegg så langt auge kan sjå og ikkje minst ein rykande kopp kaffe. Her er det mat med kjærleik som gjeld.
- Frukost serverast mellom 07:00-11:00 kvar dag (gled deg)
- Fyrstemann til mølla gjeld
Og om definisjonen på kortreist er noko for deg kan du og kjøpe fiskekort hjå dei og fiske din eigen middag.
Hugs no på
at Fondsbu er ei ikkje berre vår nærmaste nabo, det er ôg ei turisthytte med vanleg drift, gjester som har vandra i fjellet og er ikkje ei varmestove under festivalen. Ta ein tur innom og nyt noko godt i kjeften, og ha omsyn og kjærleik for ei av det flotteste turisthyttene me har. I DNT tasser folk rundt i sokkelesten eller barføtt inne. Sett frå deg skoa i gangen når du vitjar Fondsbu og knyt lissene samen, lettare å finne att og det blir mindre søl på golvet.
NB! Det er IKKJE mogleg for Vinjerock sine gjester å dusje på Fondsbu, ta turen til Tyinholmen om du ynskjer ein dusj.