Musikk
Musikken er hovudessensen i Vinjerock. Totalt speler 25 små og store artistar på tre ulike scener i løpet av festivalhelga. Bookingarbeidet byrjar på hausten, og foregår fram til påsketider. Dei største artistane blir vanlegvis sluppe tidleg på nyåret. Hugs at du alltid kan koma med artistynskjer på Facebooksida vår!
Artistoversikt
Vinjerock har til no lansert 18 av totalt 25 artistar til festivalen.

Dumdum Boys toppa plakaten på den fyrste festivalen for seks år sidan, og har sidan den gong vore ein gjengangar på ynskjelistene til festivalpublikummet i høgfjellet.
- Eg har ikkje tal på kor mange hundre ynskjer vi har fått om ein ny Dumdum-konsert til fjells. Difor er det ekstra stas å no kunne by opp til dans på ny, slår festivalsjefen fornøgd fast.
Bandet kjem med sitt tiande studioalbum, «Ti Liv», i mai. Den fyrste smakebiten, singelen «To er tre for mye», kjem allereie fredag denne veka. Den nye skiva er produsert av ingen ringare enn Bent Sæther frå Motorpsycho.
- Det gnistrar frå rillene, og du kan høyre at vi har hatt det usedvanleg feitt i studio, skriv bandet sjølv i ei melding på heimesida si.
Sjølv om bandets historie har røter heilt attende til 1979 var Dumdum Boys fyrst eit faktum seks år seinare. Det tok ikkje lange tida før rockarane frå Trøndelag hadde plasset seg sjølv i toppsjiktet av norsk rock, ein posisjon dei har halde på sidan.

Janove Ottesen, Geir Zahl, Terje Winterstø Røthing og resten av Kaizers Orchestra er midt inne i den særs ambisiøse triologien «Violeta, Violeta», og har sett opp ein musikal basert på karakterar frå Kaizers-universet.
Bandet har halde det gåande sidan år 2000, og etter heile sju album kan dei syne til hits som «Ompa til du dør», «Kontroll på kontinentet», «Die Polizei» og «Hjerteknuser».
I sumar tek dei turen til fjells og kjem garantert til å vera eitt av høgdepunkta under Vinjerock 2012.

Bob Hund har gjeve ut eit tosifra antall album, no sist Det Låter som Miljarder. Du veit aldri heilt kva du får når Thomas Öberg og hans kumpaner entrar scena, men at det slektar på fullstendig galskap er utanfor ein kvar tvil.
Men å avfeie svenskane kun som eit morosamt partyband med eksentriske bandmedlemar vil vere eit feilgrep; dei lagar fyrst og fremst herleg gitardreven pop- og rock sentrert rundtThomas Öbergs filosofiske og grammis-vinnande tekstar.
Vi gler oss som små unger til dei kjem til fjells, og kan ikkje anna enn å danse til deira pipe. Skall du hänga med? Ja!!!

Sondre sitt songskrivartalent var ikkje heilt ulikt legender som Elvis Costello og Burt Bacharach. Elleve år og seks album seinare er fetteren til Lars Vaular betre enn nokon gong. Hans sjuande og sjølvtitulerte album hausta strålande anmeldelsar verda rundt, og han fekk spele live på The Letterman Show for andre gong i karriera. Og om Lerche er fantastisk på plate, er han om mogleg endå betre på scena.
Det er ingen grunn til å sove på nåler: Sondre Lerche har meldt sin ankomst til Vinjerock 2012.

Sjumannskollektivet frå Norrköping har i løpet av fjoråret dansa seg inn i mangt eit hjarte, både på vår og eiga side av grensa. I følge soga har dei tilbrakt dei siste to åra i ei hytte i dei svenske skogane, og tida der har dei nytta særs godt. I heimlandet har dei oppnådd kunststykket å bli kåra til årets nykommar og vann den prestisjetunge prisen P3 Guld for årets beste låt med «Vart jag mig i världen vändrar».
Dei lodne diskodyra har ei eiga evne til å lage sangar om alt og ingenting - men det fengar- og vi gler oss!

Folkrock frå Valdres har sett djupe spor på radiolistene det siste året. Bandet har til og med våga seg frampå med Valdres-versjonar av Steve Earle-låtar. Dette gjer Staut så bra at tangentmann Ørnulf Juvkam Dyve har fått målprisen frå Valdres mållag for sine tekstar på lokal dialekt. Deira sjølvtitulerte debutalbum fra 2009 samla høge terningkast over heile linja. Også hovudstadspressa lot seg imponere av valdresgjengen i Staut. VG meinte at få norske band er flinkare til å inkorpere både norsk og amerikansk folkemusikk med pop og rock då dei anmeldte andreplata «Eigarlaus», som kom no i haust. Av og til kan det vera greit å syne byfolket korleis lokale heltar gjer det.

Tjore trakterar gitar og vokal, og flankerast av Maya Vik frå Furia på bass og Erlend Mokkelbos frå JR Ewing på gitar. Bak trommesettet finn du Marius Simonsen og på tangentar Haakon-Marius Pettersen. Debutalbumet «Isle of Now» fekk Spellemannprisen i 2009 for beste popalbum, og oppfølgjaren «Reeindition of You» blei sluppen i 2011. Musikkjournalistar landet over har trilla femmarar og seksarar på terningen for Oslobandets progressive popmusikk på plate, men Montée er verkeleg eit band ein må oppleve i levande live. Montée er smart, catchy og ikkje minst: Dansbart

Det er ikkje mange band i Noreg som kler indiepop-kategorien like godt som Casa Murilo. Chris og Dan har tatt med seg lidenskapen frå kjærleikslivet inn i musikken, og den joviale blandinga av nordmenn og engelskmenn har på kort tid fått ord på seg for å vere ein av landets aller fremste liveband. Referansane er Mumford & Sons og Noah & The Whale, med mengder akustisk gitar, klang, klapping og svært allsangvenlege refreng.
Etter at dei ifjor slapp albumet «Lifting Ships», reiste dei land og strand rundt og trollbandt Øyafestivalen. På Vinjerock er stemninga per definisjon høg, men Casa Murilo kjem til å løfte den enda eit par hakk!

Men sjeldan presenterer dei noko så heilstøypt og kvalitetssterkt som Jonas Alaska. Jungeltelegrafen byrja å gå under by:Larm 2011, og dei som fekk med seg konsertane var sikre på at dette ikkje var snakk om noko døgnfluge. Etter platesleppet hausten 2011 har det gått i eitt for den tidlegare LIPA-studenten. Det er vanskeleg å komma utanom Bob Dylan-referansane, men her finns det meir enn nok eigenart. Det er få, om nokon, andre i den norske popfaunaen som snekrar betre låtar enn Jonas Alaska, og under Vinjerock 2012 garanterar me gåsehud!

Debutalbumet «Own Me Like The City» kom i 2006, og fekk akkurat som dei to neste skivene svært rosande omtale av pressa. I 2011 kom eit aldri så lite gjennombrot for Rumble in Rhodos. Med sitt tredje studioalbum «Signs of Fervent Devotion» var utrykket modna og trefte eit breiare publikum enn tidlegare. I følgje VG var det «Spekka med gode, hissige melodilinjer» og Aftenposten meinte at bandet er «noko av det mest interessante som skjer i norsk rock akkurat no». Ein ting er sikkert: Rumble in Rhodos kjem til å rocke skalljakka av deg på Eidsbugarden!

Fronta av Håkon Njøten og med medlemmar frå The New Wine og Kakkmaddafakka speler dette 10 mann sterke ensemblet berre dei aller feitaste coverlåtane. Her snakkar vi Africa (Toto), Peg (Steely Dan), Don't Stop Believin' (Journey) og I'm Not in Love (10cc). Bandet var i utgangspunktet eit tingingsverk til klubbkonseptet Yacht Rock i Bergen, men Vinjerocks publikum kan prise seg lukkelege for at dette ikkje vart eit eingongstilfelle. Så syt for å ta med seilarsko og matroslue, og la Noregs svar på Doobie Brothers ta deg med ut på djupt vann.

Men noko kan ein ta for gitt: Det kjem til å bli vanvittig artig! Egil Hegerberg har spelt i eit absurd antall band innan Duplex-universet. Bland dei meir kjende er Black Debbath, Thulsa Doom, Hurra Torpedo og ikkje minst Gartnerlosjen.
Men det vert ikkje berre Bare Egil Band ståande einsam på scena ved Eidsbugarden. Han tek like godt med seg El Cuero som backingband. Forvent satirisk rock og visepop av aller ypperste sort og ein sår ballade om sko!

No er ho i ferd med å bli ein aldri så liten snakkis også utanfor Noregs grenser. Til sumaren dreg ho med seg 80-talsbeaten og inntek Jotunheimen!
Merittlista til Maya Vik er lang. Med bakgrunn frå band som Savoy, Furia og Montèe er ho ein veteran i norsk musikkbransje. I 2011 kom ho med sitt fyrste soloalbum «Châteu Faux-Coupe», ei skive som haustar godord som «leiken funk-extravaganza» frå kritikarane.
Terningane er det heller ingenting i vegen med, dei blei kasta høgt og landa godt.
Dama let seg inspirere av mange ulike sjangrar og artistar, og musikken ber preg av tonar frå fleire tiår - alt frå syttitalets jazz-rock og åttitalssoul via hiphop-beats frå nittitalet. Maya Vik er med andre ord ein artist som burde treffe store deler av Vinjerock-publikummet midt i hjarta!

I så fall er det på tide å opne øyrene og nyte liflege folkrock-tonar frå havgapet.
Eit rede fylt med fire brør, ein vokalist med stemma utanpå skjorta, popmusikk, melankolske stemningar, ei fandenivoldsk feststemning, vakre harmoniar, trekkspel, mandolin, saksofon, tangentar i alle fasongar, tøffe hovudplagg, samt ein liten dose svensk visetradisjon - der har du Violet Road. Hausten 2011 slapp dei albumet «Can You Hear The Morning Singing», og det siste året har gruppa reist langt og lenger enn langt.
Denne sumaren inntek dei Eidsbugarden og vi ber dykk førebu dykk: Allsangfaktoren er høg når konsertane nærmar seg slutten. Så - skru på radioen litt oftare i månadane framover og få med deg songtekstane. Her skal det syngast ved scenekanten!

Ila Auto tok utfordringa på strak arm, og framfører eksklusivt Vinjes tekstar med herlege bluegrasstonar attmed. For dei som ikkje kjenner Ila Auto vil Vinjerock 2012 vera eit glimrande høve til å bli betre kjend med eit av landets aller beste bluegrassband. Det Spelemannsvinnande bandet frå Vestfold har sidan 2006 sluppe tre album, og turnert landet over. Langt over 400 konsertar med banjo og vaskebrett har ført dei opp i toppsjiktet av landets liveband.

Den sjølvtitulerte debuten frå 2005 ga Noreg eit amerikana-lokomotiv fostra på Neil Young & Crazy Horse som ingen kunne stogge, og oppfølgjarane A Glimmer of Hope og From Mountains to Sand produserte radiohits som This Town og No Seats At The Fillmore.
Egon Holstad sumerar det heile ganske godt: «Takk og lov for at El Cuero finst. Hvis ikkje hadde vi måtte ha funne dei opp».

For nokre vil bandnamnet gi assosiasjonar til kubanske sigarar, men på Vinjerock er tydinga av den spanske glosa Cazadores ei heilt anna: Her får du den komplette rockepakka.
Bandet såg verdas lys i 2010 og har på kort tid har etablert seg som eit av dei mest spennande rockebanda som har komme frå Nord-Norge på fleire år. I januar slapp dei sin fyrste EP «Lightyears» og har hausta gode kritikkar.
Cazadores har eit mørkt og frodig lydbilde med tydelege referansar til store band som The Smashing Pumpkins, Kings of Leo, The Cure, The Killers og Jane's Addiction.
Sjølvsikre og fryktlause på scena - det er berre å gle seg: Cazadores serverar deg nord-norsk magi i fjellheimen denne sumaren!

Vangsgjeldingen og LIPA-studenten Jogeir Daae Mæland trakterer gitaren i bandet, og er oppvaksen ved foten av det nevnte fjellet. Difor er det kanskje ikkje så rart at det har sett spor. Ugle spelte på Pstereo-festivalen i Trondheim hausten 2011, og i juli spenner dei på seg fjellskoa for å trollbinde Vinjerockarane på heimebane.
