The Impossible Green

R1 03644 0002 40(2)

Endeleg kjem The Impossible Green heile vegen frå Trondheim til Vinjerock 2025. Denne meisterlege americanarock-kvartetten har kara til seg fleire og fleire fans sidan dei debuterte i 2020. Albumet deira frå 2024 In Technicolor sette prikken over i-en og me såg ingen annan utveg enn å hente dei til fjells.

Med ein solid fot i det beste av det beste frå det rocka 70-talet og ein til fingerspissane raffinert kjensle for americana og nærståande sjangeruttrykk, er The Impossible Green godt på veg til å spele seg inn i dei fleste norske hjarte. Det ryktast også om ny musikk frå bandet i løpet av året så sjå opp for denne fine gjengen i tida som kjem.