Me er så glade for å dele at kvartetten Masåva kjem til Vinjerock! Med viser, folketonar og jazz i same åndedrag skaper dei eit musikalsk landskap der drøymande harmoniar og drivande melodiar får lov til å vekse vilt. Dei skriv om det store i det små – om mennesket, om tilhøyrsle, om kjærleik som brenn heilt inn til margen.
Sidan brakdebuten i 2018 har Masåva sanka både Spellemann-nominasjonar og hyllest frå musikkpressa. Er vi store nok nå? vart kåra til eit av dei beste albuma frå 2021, og i haust kom Dagen vi så på skatere – eit kompakt og inspirerande album frå alternativpopens finaste band, ifølgje musikkjournalist Audun Vinger.
Live løftar Masåva musikken til nye høgder. Med fele, kontrabass, synth, gitar og trommer – og ikkje minst stemmene deira – flettar dei saman låtar som får deg til å lytte, tenkje og kanskje til og med gråte litt. Om ikkje dette høyres perfekt ut for Vinjerock så vet ikkje me!