Ordbok: Vangsgjelding-Nynorsk
Me har lenge hatt eit kriblande ynskje om å digitalisere eit klenodie som eksisterar i ymse eksemplar. Dette klenodiet dukkar opp ved ujamne mellomrom i høve rydding av skrivebord og mimrestundar blant drevne stabsmedlem, og no er han her!
Ordboka Vangsgjelding-Nynorsk er eit verk komponert og skreve av Eirik Høyme Rogn og Kristian Peder Belsheim, allereie i 2006/2007, og er utvilsamt den beste nedteikninga av lokale ord og uttrykk i nyare tid!
Vangsgjelding-Nynorsk inneheld dei artigaste og mest finurlege ord og uttrykk frå den lokale dialekta, med høgt fokus på vendingar som kan vere høgaktuelle på ein festival i fjellheimen. Hensikten er sjølvsagt å leggje til rette for større samhandling og færre misforståingar mellom tilreisande og lokale Vinjerockarar.
Me ynskjer dykk god lesing!
Gode festivaldeltakar, velkommen hit åt Vinjerock. Me tykkjer det er bra at du har take turen til Vang og til fjells. Vang er den venaste kommuna i Valdres og du har gjort rett i å koma hit! I 2005 vart valdresdialekta kåra til Noregs venaste av NRK P1’s lyttarar, i tett konkurranse med mange andre dialektar. Særs artig var det for oss at me slo Hallingdal og Nord-Gudbrandsdalen i finaleinnspurten. Ein skal vera forsiktig med å skjære alle talemåla i Valdres over ein kam, og særleg gjeld dette vangsgjelding (dialekta i Vang), som skil seg noko frå resten av Valdres på mange måter. Med denne vesle ordboka vonar me at du kan få eit lite innblikk i vangsgjelding og valdresmål. Det er nok mange av orda som er like resten av valdresmålet og kanskje nynorsken, men alle er dei ein eller anna gong nytta av Vangsgjeldingar.
Mange av orda i denne boka er nye for tilreisande, men også for folk i Vang kan mange av orda vera ukjende. Nokre av dei er særs gamle og ikkje brukt på mange tiår, medan andre framleis er i bruk hjå både vaksne og unge. Dei fleste av orda har opphavet sitt i Vang og er kun brukt her, medan andre kanskje er godt kjende i resten av Noreg, men nytta mest i Vang.
I boka vil du finne ei god liste med enkeltord, og ei kort forklaring på kvart av desse orda. Me har freista så godt me kan å skrive orda slik dei vert sagt, men leitar du etter grammatiske rette bøyingar, fonetisk uttale og slike ting, får du finne ei anna bok. Vidare freistar me å setja orda inn i uttrykk, og her er det verkeleg berre å sleppa fantasien laus for deg som les boka også. Her og der vil du også finne korte og lengre ordtøkje eller historiar henta frå Vanslitteratur. Ikkje alt er forklart anna enn på Vangsgjelding, for nokon utfordringar lyt du jo få.
Kristian Peter Belsheim, Ordbokredaktør
Me vil fyrst få nytte høvet til å minne om ein god gamal skikk som me har over heile Noreg. I Vang kallar me det for mønaskål, og det er ein god dram som skal takast når taket er lagt ferdig på eit nybygg. For å få dette i samanheng med Vinjerock, så kan me jo seie at ein får ta seg ein god dram når ein har fått opp teltet. Og med så mange folk og så mange telt kan det verta ein god del drammar. Og med det er me i gang!
Før du kastar deg uti virvaret av setningar og historier er det best at du får ei forklaring på nokre enkle ord, slik at du betre kan forstå dei når dei kjem på rad og rekkje i ei samanheng. Småord frå ei dialekt som Vangsgjelding er ikkje lett å skildre skriftleg, så samle dykk gjerne i flokk med god drikke og prøv dykk på nokre småord og uttrykk munnleg. Det vert nok moro skal du sjå. På dei neste sidene fylgjer eit stort utval! Me gjer oppmerksom på at denne lista inneheld både old-school vangsgjelding, og nyare variantar av talemålet. Kos deg!
Agalaust – Fantastisk/veldig/grepa
Ambøstikko – Bestikk
Annføttis – Å liggje kvar sin veg i senga
«E synist de æ grepa dumt at du o e ska liggji annføttis i natt. Me kan heldan liggji jamsis inan, dæ bi meir kosele»
Ansam – Travel
Attislege – Påfyll av til dømes kaffi
Barkeknute, ein – Adamseple
Bein – Rett/strak
Bitast, å – Krangling, munnhoggeri
Bæra se åt – Oppføre seg
Bi – Bli
Bie – Vente
Bind, å – Å strikke
Bjødn – Bjørn
Bjødnabol – Bjørnehi
Brennenøto – Brennesle
Breste – Utskild ostestoff frå ysting. Godt å ha attmed graut.
Brimøst – Brunost
Brisjirust – Briskebusk
Brok – Bukse
Brokebøtt – Buksebak
Brokesæla – Bukseseler
Brøtte, ei – Bratt bakke
”E ha vatt mang ein dipil, men e har alder vørte brokeblaute før» - Trollet Langbein Rise då han plumpa uti Vangsmjøsi.
Bøkint – Vanskeleg
Bøndingsspeto – Strikkepinner
Børisk, ein – Tallerken, asjett
Bærrust – Bærbusk
Dreve, ei – Flokk, bøling
Dubbe, å – småsove
Dugurstad – Der sola står på himmelen ved duggurdstid
Dælke, å – Udugeleg handsaming
Eggjiskudn – Eggeskal
Elde, ei elde – Varme
Elde, å elde – Å fyre opp, til dømes ei elde
Eldmylje, ei – Varm aske med glør i
Engon – Nokon få
Engon kor – Nokon og ein kvar
«Engon kor kan bi ute før di»
(Jord)Eple – Potet
Eplegravst – Potetopptaking
Eplekake – Lompe
Erende lite – Bitte lite
Evle, å – Å klare
Fingerbjør – Fingerbøll
Flangin, å vera – Sjanglete, voldsom
Fløyt – Rask, snøgg
Frikklin, å vera – Klengete/innpåsliten
Frikklæbikkje – Klengete/innpåsliten type
Frøk – Grovbygd
Frøsin – Såpass kaldt at ein skjelv
Fysemat – Mat som ein plutseleg kan få veldig lyst på.
Føltung – Gravid
Føsslo – Ullsokkar, raggsokkar
«No vart e fysen på lite spekjimat o flatbrød ! Gjedne mæ ein øl attåt!»
Galin – Gal, gæren
Gap – Ugang
Gap, ein – Ugangskråke
Gapakugge, ein – Ein som berre gjer ugang
Gesel – Ein som driv med mykje måfå
Gjete – Gjetord
Glye – Kald trekk (ei glye)
Grautestynge – Når du har vondt i magen etter å ha ete for mykje graut
Grepa – Veldig
Gryte, å – Kaste
Gullhøne – Marihøne
Gøte, ei – Uarbeidd veg, stig, krøterstig
Gøtt jødd – Erotisk lubben
Haissle – Voldsomt, veldig
Handeklåe – Vera klåfingra
Handøvle, eit – noko i handa til å slå med, til dømes ein stav eller kjepp
Haus, ein – Hovudbotn
Havagalin/havasjuk – Å aldri få nok «gods og gull»
Hent um – Hipp som happ
«Det bi hent um før min del»
Higrin – Småfrøsin (sjå frøsin)
Hit – Hette, pose, sekk
Hofty, ein – Tang
Hugge, å – Å roe, trøyste ein unge
Huun – Småbanning
Huunfarime – Ei vidarespinning på huun
Hunivelt – Ganske langt «av garde»
«Kom, ska e gryte de hunivelt, kar!”
Huve, luve – lue
Huvvu, eit – Hovud
Huvvumynte – Hovudpinetablett
Hyld – Usynleg
Hælvliter – Halvliter
Hæsj – Haks
Høvele’ – Passeleg
Håske – Knote, prate ureint
Ikødn – Ekorn
Illt – Vondt
Imyljo – imellom
Innimyljo – Iblant
Jamsis – Attmed/ved sidan av
Jælke – kastrere
Jerskveld, i – I går kveld
Jure, å – Binde fast noko
Kakeskive – Brødskive
Kem – Kven
«Hatt e endå lagt me, sa kjæringe, sat i sengen søv»
Kjæring – Kvinnfolk
Kleie, å – Klø
Klen – Sjuk
Kleise, å – Prate med talefeil, lespe
Kleve – Lite soverom
Klubb (og sø) – Matrett med anten fleskeklubb eller blodklubb (og sjy, kraft)
Klypemjølke, å – Dra i spenene med fingerklypa for å mjølke. Ikkje godt for kua.
Knøøst – Pultost
Ko – Kva
Koe… - Starten på ei god setning
Kofør – Kvifor
Kosst – Korleis
Krugg, å vera – Å vera krokrygga
Krøklestav – Heimelaga gåstav
Kurr – Roleg, stille
Kurst, å halde – Vera stille
Kvitil, ein – Ullteppe
Kødn – Korn
Køltin – Lat/slapp/giddalaus
Leta att – Lukke att
Lite vetta – Lite grann
”Bie lite vetta no, ska du få ein øl tå me»
Lomhund – Lemen
Løgle – Morosamt
Mjørm, ei – Hofte
Mune på – Hjelpe på
Mynte, ei – Ein tablett
Møbro, ein – Onkel på morsida, morbror
Møint – Vanskeleg
Møkjakrøter – Trøblete kvinnfolk
«Nei no går e sta finn teltet åleine, det æ berre møkjakrøter her!»
Møkjaskøbb – Ei kyr som legg seg i eiga møk på bås
Møkjut – Møkkete
Mølo, ei – Ein liten bit av ymse mat
Møsyste, ei – Tante på morsida, morsyster
Må i von, å – Unnvære
Nedveltande – Høggravid
Norfjellung, ein – Ein ifrå Sogn, Sogning
«Når ein kleiar i sete, skal det koma norfjellungar»
Nøygde – Meir enn nok
Omage, ein – Ein ungdom
Onøpe – Meir enn nok
Oskreka – Rote, ugreie
Peta sei vegen – Koma seg iveg
Puttin – Mutt, furt
Pytte att – Tette att
Rae – Alltid
Raklekjølke, ein – Ein kar som er lat når arbeid skal gjerast, men sprek nårdet skal gjerast ugagn.
Rangsølis – Motsols
Rangsvevin – Når ein er døgnvill
Rangsvølis – Svelge feil, setja noko i halsen
Ravint – Arbeid som let seg gjera fort
Rulle – Dette, snuble
Rø, å – Skravle, sladre
Rørekagge – Sladrehank
Rødig – Rask til å arbeide
Råkast – Treffast/møtast
Råle, å – Prate tull
Senadrått – Krampe
Sjele (tynn s) – Veldig
Sjyr – Redd, sky
Sjyglin, å vera – Lettskremd
Skarn, eit – Ugangskråke
Skarvehit – Fillejente
Skate – Skjære, fuglen alstå
Sjære, ein – Saks
Skunt – Dritt, møkk
Skuntehit – Drittsekk
Skørseta – Sette fast
Snivil – Snegle
Snyl – Ein ungdom som fer med ting som ikkje er bra, ugangskråke
Sopling, ein – Sopelime
Stanke – Sukke, stønne
Strunkeveke – Siste «fri»veka mellom våronn og slått
Spissbur, ein – Ein som er morosam, artigfant, pratar vås
Sporak – Gåte
Stuttbrok – Shorts
Svege – Ris brukt til å gje juling
Subbint – Stort, ufjampeleg, voldsomt
Supand – Tynn grautvelling
Suvlin – Møkkete
Svalle, å – Prate saman
Svær (tynn s) – Bra
Sæl (tjukk l) – Huset ein bur i på stølen
Sæl (vanleg l) – Glad
Søkkeleisten – Sokkelesten
Søll – Måltid av flattbrø og surmjølk, godt blanda saman
Søteple – Vanleg eple
Talik – Tallerken
Talle – Sau- eller gjeitemøkk
Te pises – Langt av gårde (sjå hunivelt)
Temjung, ein – Hest som ikkje er temd
Tinte – Lita flaske, lerke
Tiss, ko så æ tiss – kva er om å gjere
Trepæling – Flaske som rommar ¾ liter
Trevale – Vanskeleg
Trøngvøre – Liten plass, trangt
Trøyte, å – Å drive på, arbeide hardt
Tubbe, ei – Tue
Tvela på, å – Å tvile på (Negativt)
Tvela før, å – Å frykte eller å tru at noko gale kjem til å skje
Tvøgo, ei – Skurebørste
Ty – Uredd, tam, tillitsfull
Tyfse, ei – Vaskefille
Trøtin – Opphovna
Tæva, å – Puste
«Ko i værn æ dæ so tæva her?»
Tæve, ei – Lukt, helst illeluktande
Tøte – Temperament
Tøvefjøl – Vaskebrett
Ufjampin, ufjampele – Unett/uhåndterleg
Unaug – Utålmodig
Unsele – Beskjeden
«Ho æ så unselig, ho let se bea ve matborde»
Valdris – Person frå Valdres
Vand – Bortskjemt i matvegen
Vandelepe – Ein som er kresen i matvegen
Vangsgjelding, ein – Person frå Vang
Vangsgjelding, å tala – Dialekta i Vang
Varastyr, ha på – I bakhand, på lager
«Når det sluttar å blåse i Vang, då dett Vangsgjeldingadn»
Verebøge – Regnboge
Verotte – Når ein kjenner på kroppen at det vert uver
Vet – Vinter
Vetøg – Klok, vettug
Vevarkjæring – Edderkopp
Vinde, å – Å slippe ein fjert
Våne – Arbeide, drive på
Ærnakke – Almanakk, kalender
Økla – Ankelen
«E såg på denna kælven då’n kom ut or fjøse, at’n va ølme
Øksle – Skulderen
Ølbøge (Tjukk l) – Albue
Ølm, å vera – Sint/morsk. Mest brukt om krøter.
Ølme, ei – Ei larve
Øyk, ein – Ein hest
Åvabår – Nedbør
Å be velleva – Å seia takk for seg
Å rekne på vangsgjelding er ikkje berre berre, og det skal du no få sjå. Me skal kort skildre nokre av tala frå ein til tjue, men her hjelp det ikkje å berre lesa. Dette er særs munnleg, så her lyt du forme munnen riktig så du til dømes kan få tinga rett antal drikke. Me bryjar med ein, to, tre, fire (siste med trykk på i). Fem, seks, sjau (tynn s). Åtte, nie, tie, elleve, tølv (tjukk l). Tretta, fjursta, femta, seksta. No vert det noko verre: Søykja, åkja, nikja, tjue.
Prøv deg på å rekne opp til tjue eit par gonger så skal du nok sjå at du får det til, og du kan tinge rett antal øl.
1- ein
2- to
3- tre
4- fire (siste med trykk på i)
5- fem
6- seks
7- sjau (tyinn s)
8- åtte
9- nie
10- tie
11- elleve
12- tølv (tjukk l)
13- tretta
14- fjursta
15- femta
16- seksta
17- søykja
18- åkja
19- nikja
20- tjue
Før i tida var folk i Vang oppe mykje tidlegare enn det folk er no tildags. Og difor måtte det til fleire måltid for å halde dei oppe gjennom ein lang arbeidsdag. Dei åt kanskje noko meir einsformig kost enn det me er vande med i dag, men klaga gjorde dei sjeldan. Det gjekk mykje i graut, flatbrød og kakeskive med brimøst.
Det fyrste måltidet om dagen var ferebisk. Ferebisk var mest ete om sumaren før ein skulle ut å byrje på slåtten, slik kring 5-tida om morgonen. Når fyrste arbeidsøkta var over, og ein kunne ta ein kvil i bakken att var det klart for bisk. Ettersom arbeidsdagen gjekk og klokka passerte både 12 og 13 var det klart for dugur. Dette er vel kanskje det me i dag kallar formiddagsmat, og var godt å få i kroppen etter mykje hardt arbeid. Når ein hadde fått i seg ein god dugur var det nok på sin plass med ein dugurskvil. Andre ord me i dag har på dugurskvil er: middagsbikk, høneblund, cowboystrekk, eller ein liten ein på auga. Ein dugurskvil for ein vangsgjelding før i tida kunne nok ta hardt på for etter kvila var det på tide med eit lite myljomål. Litt graut og breste før ein laut ut att og våne vidare. Enno hadde ikkje vangsgjeldingen fått i seg det me i dag kallar middag, men når klokka var kring 16-17, så sto det non på bordet. Etter mange måltid med mykje gryn og mjøl var det no på tide med noko meir fast, og då kunne til dømes flesk, eller fisk og smør vera passande non. Å eta te nons – å ete middag. Og når arbeidsdagen var slutt, og vangsgjeldingen hadde fått gjort det han skulle den dagen, då var det på tide med kvelds. Mjølk og graut til kvelds, då var nok nattesvevnen sikra slik at ein kunne koma seg opp neste dag også.
Rettidn va te dugurs og kvelds alle daga graut og mjølk (enn brim). Syndag, torsdag te bisk klubb og sø; - te nons kjøt. Tysdag, laurdag te bisk poteto, sild; - te nons fisk og smør. Hine dagadn te bisk velling og øst; te nons sild og poteto. Rettidn skjifte lite frå vet te summar, men ein fast regel va: Inkje smør meir enn ei gøng te dagen.
Henta frå «Gamalt fraa Vang», Bøye Kattevold.
Ja det var enklare kost enn i dag, og nokre fleire måltid. Dei meinte nok dei åt ofte i gamle dagar også, det skjøner me på dette ordtøkjet:
«Ner’n hadde ete o drete o slift o kvilt, so va det snarast mat att»
«E sku gjedne hatt ein øl» – Her kan «ein», gjerne byttast ut med to eller fleir.
«No va det jaddi gøtt e hadde lite fysemat på varastyr åt de!»
«Ko så æ tiss no då din vandelepe! Klaga slek på maten!»
«Et te du skjems!»
«De æ bøtt i fattigfolk mæ!»
«E ska ha åkja hævlitera! Og fire burgera mens e venta!»
«Har du ei liti tinte på baklummun? Og har du lite te me mæ?»
Ein Vangsgjelding er ikkje fyrstemann til å gjera framstøyt på den dei svevnar for, men når dei fyrst gjer det gjer dei det til gagns. Dette kan koma til uttrykk i sjekkereplikkar, då desse gjerne er ganske så direkte når dei fyrst kjem. Det skal i tillegg seiast at ein Vangsgjelding gjerne er noko påverka når dei gjer framstøyt, så at det munnlege ein sein kveldstime kan høyrast noko annleis ut enn det skriftlege i denne boka, skal du ikkje sjå bort ifrå.
«Koe… du ska ‘kji vera mæ heimatt te me å sjå på lembinge» Denne er særs tvilsam, då sesongen for sauelembing er over for lenge sidan. (sesong for dette er sein vinter/tidleg vår)
«Kan du bi mæ inn i teltet mitt og pytte att eit høl? Det æ varsla åvabår i natt.»
«No tok e te å bi frøsin – ska du og e breie over uss ein kvitil?»
«E kjenne ølet byna te mune på no, du bi finar og finar der du sit.»
«Let att brokesmekken din du, kar. Du får ‘kji vera mæ me heimatt lell.»
«Du og e kan ta å rulle uss ned i ei brisjirust, me. Og finne på noko artigt der!»
«Æ klukka så mykji? E får peta inn i teltet og finne søvapøsin, vil du vera mæ og finne ‘o?»
«E æ vøl ikkji verdens finaste, men e kan då før fan ‘kji væra verdens styggaste heldan?»
Er det noko folk ifrå Valdres likar, så er det å prate om vêret. Ikkje berre om dagens vêr, men også morgondagens, neste års, og korleis det var på same tida i fjor og fleire år attende. Me vil her koma med framlegg til små samtalestartarar som kan få deg i dialog med lokale heltar. I tillegg til veret kan også artistar, mat, nabokommunar, heimebrent og liknande saker vera aktuelle små samtaleemne. Ting å hugse på: Valdrisar er meir enn gjerne med på ei samtale som inneheld nedrakking på nabodalføre, slik som til dømes Hallingdal og Gudbrandsdalen. Kjem du i prat med ein Vangsgjelding er han også interessert i skitsnakk om folk frå vestsida tå fjellet.
«Noko subbint føre i dag, synst du’kji?»
«Han æ agalaus han gjerdesjefen, du»
«Norefjellungar æ ‘kji rettigt navla veit du.»
«Har du skørsett de i denna stolen du då kar?”
”E tvela no på at e har vøre så høgt som 1060 meter over havet før!»
«E har rae vøre sæl i musikk og fjell»
«Lag de te ein raklestav når du ska på tur så du ‘kji skørset de uppi Falketinde”
”Pass de før brennenøto, dei gjere illt og det kleia noko agalaust ner’n trør i dei!»
«Du æ sannele noko før de du. – Ja dæ ha e støtt vøre»
«Mæ so høge musikk, og så mykji gode drikke so æ dæ ‘kji rart at’n får illt i huvvu. E får ta me ei huvvumynte»
«Dei halde grepa te leven dessa musikeradn, dæ æ nesten før mykji tå de goe»
Medan me så langt har skildra samtalestarterar, kjem det her nokre døme på sikre teikn på når ein bør stoppe samtala. Har du rota deg såpass langt uti ei samtale at du til dømes har sagt at årdølar er eit betre folkeslag enn vangsgjeldingar, kan du rekne med å få eit av desse utsegna slengt etter deg. Ein skal også vera obs dersom ein er kar, og har vore litt for kraftig med kurtiseringa av eit kvinnfolk frå Vang. Dei kan vera like kraftige i kjaften som ein annan vangsgjelding når dei er ueinige, om ikkje kraftigare!
«Du æ me ein fordømrade slags skuntehit!»
«Viss du ikkji passa de no, ska e ta å gryte de hunivelt!»
«No ber du de åt så følk enn så jælke e de»
«Du e hunime berre te møo du!»
«Du kan te huun gå å leggje de, di møkjaskøbb!»
«Din dømrade dretalake»
«Du ditt skøftfø tå ei møkjasøye»
No gidd e huun ‘kji meir! Ha de heimatt ditt møkjakrøter!”
Skøtfø, tullfø. Tullebrok, tøvefjøl, skarvehit, tøvefø, dretapøse, dretalake…
Før du les denne historia om Vang kan du få med deg eit par forklaringar på vegen. Ein felage er ein salgs kollega, eller ein som ein gjer ting saman med. Altså ein ven, kamerat og i denne samanhengen ein turkamerat. Felægeret er beitet der krøteret var om sumaren.
Då Vinje o felagadn hass overnatta på felægere hjå’n Ingibjør
Blaute, frøsne o svøltne kom Vinje o felagadn um kvelden te felægere ve Fagerstrand. Der låg den noko teårskomne vågåjenta Ingibjør o passa feet før ein fehandlar. “Residensen” va ei knøttliti steinbu der dei nesten kunna ta ifrå vegg te vegg. Det tilregna, men heldigvis va taket tett. Jovial o gjestfriæ so ho Ingibjør va, fekk karadn ta inn der før natten. Før o få turka klædun sine, gjorde dei upp varme midt på gølve. Vee’n dei brukte va restidn tå’n gamalæ tjørobredde båt. Men det va korkji pipe enn høl i take, so karadn låg ette tur mæ huvvue over dørstokken o saup ette friskæ luft.
Det fanst berre ein sengibenk der, o Vinje, so stortreivst mæ damo, helst tå eldre årgang, akkrederde lengi um kost han o ho Ingibjør skulde innrette se på dei smale sengebriske. Denna natte overgjekk Vinje se sjøl med vidd og skjemt, noko dei andre sette storæ pris på. Ette mykji moro o spetakkel, vart Vinje o Ingibjør einige um liggimåtin. Dei andre krulla se isamen på gølve ette veggjo, o ette at “styrkedrikken” va “konsumert” o røyken hadde lagt se, hadde dei det svært trivele i bu’n.
mrn utpå natte vart dei vekte tå ein splint nakin o fryktele sinna engelskmann so reiv opp døre o tok i bruk dei fleste skjellsorde i det engelske språk. Då dei fekk roa’n lite, viste det se at’n hadde stande på andre sida på Bygda o roft ette båt, so inkji fanst. So hadde’n klett tå se o svamt over, o no vart det dessa oskuldige offør før hass vrede. Men det heile enda bra. Dagen ette tok dei mann’ mæ se på Eidsbugar’n. O Ingibjør? Ho hadde vøl fått se ein uppkvikkar i sitt antakele einsførige liv der i steinbu’n.
Henta frå Turhandbok for Vang i Valdres, omsett til god vangsgjelding av Sigferd Hovda.
Bøye Kattevold (1849-1936) skreiv ned mykje historiar og skildringar om gamalt liv i Vang. Dette er samla i boka “ Gamalt fraa Vang” og her fylgjer ei kort historie, henta frå boka, om då Vinje vanka i fjellområda her:
Frå Olø er det berre nokre få kilometer åver te Bygdin, og diktar’n Vinje vanka jamle på dei trakto før 80-90 år sia. Han tok då inn på Høversta-støle og godna se. Soleise skriv han: “Eg er no her på Oløstøle hjå henne Gjartru Høversta, og ho har vore so god mot me desse dagarne.” Her vart han ogso kjent med den namngjetne mannen Andris Jevne, som va blind, og so skreiv han dette verse åt venen sin:
At Gud er god me sjaa derav at han
gav alltid noket godt til kvar ein mann;
so um hans lagna vart i eit ein vant,
so kom det gode fraa ein annan kant.
Um skuggin fall på dine augnebryn,
so ser du betre med ditt indre syn.
Ein bussjåfør i bygde hadde fått på ei svært so pratesjuk passasjer. Det va ei tå dei finare bydamudn som hadde dett de rett bakai sjåføren, o so prata o prata um kor fint det va i by’n og alt det dei hadde der. Bussjåføren synist detta va utrule trått o høyre på, o irriterde se grønar o grønar. Når ho endele skulde gå tå bussen klart’n ‘kji halde se meir o sa hælvhøgt:
“Sug de i føe”
Bydama laut ha høyrt detta, før ho snudde se o spurde:
“Hva i alle dager sa De nå sa De?”
“E sa dæ va subbint føre!”.
So smelt’n att døre o køyrde viar!
Om du las nøye gjennom ordboka, veit du no at "sporak" tyder "gåter", og her kjem nokre ordentlege sporak frå den originale ordboka!
Tie tinto draga ein fespøse åver Fjartansfjell
Ein rill o ein rall o ein understikkar o ein smikkerball
Kor slo dei fyrste spikaren i kyrkja?
Ko æ det so går heile dagen i huse o inkji kjeme åt dør’n?
Ko æ det so går år skoge o bære føradn på rygge?
Hovu i båe endo o endin midt på?
Kem æ dæ so æ døe o inkji fødde?
Kæm æ dæ so æ fødde o inkji døe?
Sonen går at skoge før far’n bli helvgjorde
Ko æ dæ so høgge heile dagen o inkji ter flis ette?
Brunt i bøtte! Kvit i tøppe! Spela unde åklee! Gjere gødt o skrøtte!
Ko æ dæ so ser alle mann i endin?
Ko æ dæ so teke alle mann i hønde?
Løysning på sporako:
1: Fingrane som ein dreg på seg broki med
2: Kjevlet, trinsa, spaden og deigemnet, når ein bakar flatbrød
3: I hovudet
4: Klukka
5: Når ein ber trugene
6: Når ein står og mjølker geitene
7: Eva
8: Kjerrini åt Lott
9: Røyken
10: Auga
11: Ølet som går under åkledet
12: Dørstokken
13: Dørklinka
“Gamalt fraa Vang”
Folkeminnelesna taa Bøye Kattevold lærar h. v. 1943
“Kvorvne tider. Gamal Valdres-kultur VII”
Kunt Hermundstad. 1961.
“Helg og Sykne, tradisjonslitteratur frå Valdres”
Olav Gullik Bø 1989
Avisa Valdres
Kjenstfølk
Gøttfølk
“Turhandbok Vang i Valdres” 2001