Tenkje seg til, Vinjerock 2025 er utseld! Ordinærsalet og DNT-salet gjekk på eit blunk!
Det er heilt uverkeleg at me igjen får tilliten frå dykk alle, og me gler oss til å danse til liflege tonar, gå turar i fjellet, ete god lokalmat og spele fjellbingo med dykk til sumars.
Fekk du ikkje tak i billettar via ordinær eller DNT sal? Fortvil ikkje! Frivilligpåmeldinga opnar på nyåret, bli med å lag festival 1060 m.o.h!
Me sjåast 17.-20. juli 2025, kom her upp og kjenn eit annat liv!