Laurdag 25. mai inviterar Vinjerock til den nye barnefestivalen Vesle-Vinje, eller heilt ny er den no kanskje ikkje, det kjem me attende til - men det er fyrste gong festivalen er eit opent arrangement for alle som ynskjer å ta turen. Og me kan allereie no avsløyre at countryheltane frå Bergen, Embla and the Karidotters tek turen.

Sist oppdatert 18. april 2024

Det er fyrste gong Vinjerock arrangerar barnefestival som er open for alle. Etter fleire år med eit godt samarbeid med Høre og Fredheim barnehage omkring arrangementet Vesle-Vinje er Vinjerock no klare for opne dørene for alle som ynskjer å oppleve skikkeleg festivalstemning for heile familien. 

- Me har vore så heldige å funne utruleg gode samarbeidspartnarar hjå barnehagane her i Vang kor me saman med dei og ungane har fått prøvd ut konseptet barnefestival i meir lukka formar. Det har vore uvurderlig å få lov til å teste ut kva som fenger barna før me no satsar litt større, fortel prosjektleiar Ingebjørg Blomlie Müller. 

Og no er me altså klare for å sparke dørene vid opne. Det blir eit heilheitleg program og me kan avsløre allereie no at det blir line-dance og country med Embla and the Karidotters! Bandet vitja Vinjerock i fjor sumar og då satt dansefoten laust, med medlemmar med bakgrunn frå Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa og Aiming for Enrike blir det garantert god stemning 25. mai på Vangstunet i Vang i Valdres. Men ikkje nok med det, det blir ôg barnedisco, eit mylder av aktivitetar å boltre seg i og sjølvsagt eit litteraturprogram. Men litt må dei halde att. 

- Ein kan jo ikkje avsløre heile programmet med ein gong, seier ein spent prosjektleiar.

Med seg på laget har me Vang Frivilligsentral og Vang Folkebibliotek, uvurderlege samarbeidspartnarar og viktige bidragsytarar spør du oss. 

Gjengen bak Vesle-Vinje er klare for å invitere til festival for heile familien

Foto: Ida Nordland Hillestad 

- Det er viktig for oss å dra med oss så mykje av lokalsamfunnet vårt som mogleg, dette er jo heimen vår. Og då er det heilt naturleg med eit tett samarbeid med våre nærmaste naboar som held til å same bygg og sit med spisskompetanse på sine felt, fortel prosjektleiaren. 

Det avslørast ôg at publikum kan vente seg deilig lokalmat på festivalen - i typisk Vinjerock-ånd serverast det lokalmat frå øvste hylle som vil freiste både store og små. Det er ôg mogleg å ha medbrakt om ein ynskjer det.  

Eit spanande tiltak arrangørane bak Vesle-Vinje har stelt i stand er “betal det du ynskjer”-konseptet, godt inspirert av Rosendal Teater i Trondheim.

- Me ynskjer at festivalen skal vere tilgjengeleg for alle barnefamiliar som ynskjer å vitje festivalen. Me har difor innført at publikum betalar det dei sjølv har moglegheit til, eller sjølv ynskjer. Ein skal ikkje stikke under ein stol at det kostar å lage festival, men det er desto viktigare at dette er eit tilbod som flest mogleg har tilgong på, fortel Blomlie Müller. 

No er det berre å telle ned dagane og glede seg til barnefestival i Valdres.

Embla and the Karidotters

Då spellemannprisvinnaren Embla and the Karidotters vitja Vinjerock i 2023 kan du tru dei fekk dansefoten i sving 1060 meter over havet. No beveger dei seg nokre høgdemeter ned og vitjar Velse-Vinje 25. mai. I bandet finn du mellom anna medlemmar med bakgrunn frå Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa og Aiming for Enrike - eit stjernelag der altså.  Det blir ein konsert for kor både små og store kan finne fram sin indre cowboy, så no er det på tide å dra fram den vesten, flanellskjorta, cowboyhatten eller skoa du har bakerst i skåpet. Og kanskje blir det litt linjedans ôg? 

Foto: Hakan Foss

 

Tid: 25. mai 2024 klokke 11:30-15:00

Stad: Vangstunet, Vang i Valdres

Billettar: Alle skal ha moglegheit til å delta på Vesle-Vinje. Difor vil billettane vere basert på “Betal-det-du-ynskjer” prinsippet. På festivalen vil de finne plakater med qr-kode for å vippse det de sjølv ynskjer for inngang. 

Praktiske omsyt: 

  • Parkering skjer i Vang sentrum. Kan du ta beina, sykkelen eller bussen fatt oppmodar me til det. 
  • området vert ikkje inngjerda, og føresette har ansvar for eigne barn og barna dei tar med på festivalen 
  • Det er lov med medbrakt mat og drikke
  • Arrangementet er sjølvsagt alkoholfritt 

Arrangementet er støtta av Vang kommune og Valdres Sparebank