Som frivillig får du festivalpass og ei frivilligpakke med all infoen du treng. Alle får litt fritid til å nyte konsertane og festivalen. Du får også moglegheit til å vere med på ei heil helg med kickoff for dei frivillige i juni.
Når du søker som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom.
Nokre kjekke tips til frivilligsøknaden
Det er mange som søker om plass som frivillig til Vinjerock. Det trengs omkring 750 personar og me har tidlegare opplevd stor pågang for å vere med på laget. Her er nokre gode tips til deg som skal i gang med søknaden no.
1. Fortell oss om deg sjølv
– Me vil bli kjent med deg og kven du er, skriv kort og godt om deg sjølv.
2. Skil deg ut
– Me har fått søknader med både dikt og songar, men det viktigaste er at du fortel oss kvifor du passar som frivillig her. Vi går igjennom nokså mange søknader, så det er ein fordel å skilja seg litt ut.
3. Dobbelsjekk telefonnummer og epost
– Det er viktig at me får tak i deg med informasjon. Sjekk derfor at du har skrive rett kontaktinfo. Me har ôg hatt litt trøbbel med nokon epost-tenester. Unngå gjerne å bruka hotmail, live eller outlook, fordi dei har så høgt spam-filter. Bruk gjerne ei gmail-adresse eller andre servera.
4. Søk tidleg!
– Jo tidlegare du søkjer jo betre er sjansane dine.
Me har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar!
Me har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar!