I dei mørke og lange vinterdagane framover passar det godt med eit inneprosjekt. Då kan du jo sete i gang produksjonen av festivalantrekket.
Kanskje har du noko restegarn liggande som kan passe til eit panneband eller eit par sokkar? Den stilige lua kan vere god å ha i dei seine nattetimane på Eidsbugarden. Og om du er ein dreven strikkar eller vil prøve deg på eit litt større prosjekt kan du strikke deg ein vinjerock-genser!
Oppskriftene er laga av Strimastrikk ved Marit Gjærdingen og du kan laste dei ned heilt gratis. Sjølve jobben må du gjere sjølv, eller få nokon kyndige til å hjelpe deg.
Me gler oss til å sjå dykk i heimestrikk på festivalen. Lukke til!