Vinjerock 2024 gjev deg mellom anna rap frå øvste hylle, tamilsk folkrock, disco og mektig musikk frå Sápmi. Velkomen til fjells Arif, Kajsa Balto, Real Ones, 9 grader nord, Stuzzi og Synne. Som me gler oss! 

Sist oppdatert 13. mars 2024

ARIF 

I 2013 vart me fyrst kjend med artisten Arif då han vann NRK sin nykommarpris P3Urørt. Sidan den gong har han befesta seg som ein av Noregs desidert største rapartistar, og endeleg tek han turen til Vinjerock for aller fyrste gong. Han kan skilte både med Spellemann, fleire prisnominasjonar, P3-prisen (heidersprisen) i 2023, utselde turnear, eit utseld Spektrum og ikkje minst tekstar som har vorte ein del av norsk historie. Med ei karriere som spenner seg over meir enn ti år gler me oss til å ta steget inn i hans univers på årets festival.

Foto: Sara Angelica Spilling

 

KAJSA BALTO 

I Kajsa Balto sitt musikalske uttrykk møter dei gamle tradisjonane den moderne verda, kor joik og nordsamisk tekst presenterast i eit mektig lydbilde. Balto har dei siste åra markert seg som ein artist etterlét sterke konsertopplevingar hjå publikum, ho har samarbeida med mellom anna Arktisk Filharmoni og Kringkastingsorkesteret, samstundes som ho har turnert både inn- og utland. Balto sin musikk er basert på tradisjonar frå Kárášjohka kor far hennar er frå, og hentar fram joiker frå eigen familie. Velkomen til 1060 meter over havet Kajsa Balto!

// 

Boares árbevierut gávnnadit ođđaáigásaš vieruiguin Kajsa Balto musihkkamáilmmis, mas luohti ja davvisámi teavsttat ovdanbuktojit vuohkkasit rikkis ja liekkus jietnagovvan. Kajsa lea maŋemuš jagiid beaggán erenoamáš lávlunvugiinis, ja olusat leat rámidan sualmmuhemiid ja ovdanbuktimiid. Son ovdanbuktá iežas materiála suosttuheaddji vuoimmalašvuođain, ja su alvvalaš konseartaovdanbuktimat boktet guldaleaddjiid miela beassat gullat eambbo ahte eambbo.

Kajsa Balto lea sámi artista gii lea bajásšaddan Oslos, duogáš mii lea báidnán su lahkoneami sámi árbevirolaš musihkkii. Su debuhta rájes 2017:s son lea čállán ođđa musihka man vuođđun leat Kárášjohkalaš árbevierut, gos su áhčči lea eret, ja lea maid ovdanbuktán iežas bearraša luđiid. Kajsa lea maŋemus jagiid ovttasbargan earret eará Arktisk Filharmoni-orkesteriin ja Kringkastingsorkesteriin, ja johtán sihke Norggas ja olgoriikkain iežas fásta joavkkuin man čuojanasat leat cello, gitárra ja rumbbut.

Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen 

 

REAL ONES

Bandet som er ein storfavoritt hjå oss Vinjerockarar er klare for å ta turen attende til Eidsbugarden for fjerde gong. Dei hadde sin fyrste konsert i byen med stor B, nemleg Bergen, har to Spellemannprisar å fylle tursekken med og har spelt 1000 konsertar i 15 land og tre kontinent. Dei har fenga og imponert oss i heile tre tiår, og slapp i 2023 det bejubla albumet om natur-og klimakrisa, Love Your Mother. Og produktive er dei, for dei jobbar allereie med sitt fjortande album.

Velkomen til oss Real Ones, me gler oss til å feire tredveåringen!

Foto: Francisco Munoz

 

9 GRADER NORD 

Bandet som gjev oss tamilsk folkrock frå øvste hylle er klare for Vinjerock 2024 - velkomen attende 9 grader nord, fjellet har lengta etter dykk! 

Bandet beståande av Mira og Dipha Thiruchelvam, Jakob Sisselson Hamre og Jakob Sønnesyn slapp hausten 2023 deira andre plate “Yalpanam”, ei plate som fekk kasta både femmarar og seksarar etter seg. Namnet er ikkje tilfeldig, men spel på deira fyrste plate “Jaffna”, namnet på heimbyen på Sri Lanka der foreldra til systrene Mira og Dipha kjem frå. “Jaffna” er det byen vart kalla etter den britiske koloniseringa, medan “Yalpanam” er det gamle, originale namnet til de vakre byen. Plata tek oss med på ei personleg reise frå då foreldra til systrene kom til Noreg, indre konflikt som minoritets-kunstnarar i eit gap mellom to verder og til slutt ein søken etter anerkjennelse og bekreftelse frå sine eigne. 

Me gler oss!

Foto: Synne Sofi Bønes Bårdsdatter

 

STUZZI

Stuzzi leverar ein eklektisk miks av disco, cumbia, house, funk og rave det er heilt omogleg å ikkje danse til på ein sein sumarkveld ved costa del Bygdin. Han slapp sin fyrste EP Le Fruit Disco i 2022 og oppfølgaren Le Fruit Disco II sumaren 2023 og vart nominert til Framtidas artist på P3 Guld same år. Gjer deg klar for ny hans tredje EP The Lost Carnival Tapes og til å smile til det gjer vondt i trynet. 

Velkomen til fjells Stuzzi!

Foto: Amanda Gylling 

 

ETTERSTEV: SYNNE

Synne tek rocken ut av Vinjerock, og fyller fjellheimen med rungande rytmar, djup bass og ljomande allsong. Det vert funky, det vert housy, og det vert disco. Kva meir kan me ynskje oss? Synne starta å produsere mixteipar i 2018 og har sidan den tid sørga for eit pulserande dansegolv på klubbar i storbyane og landsspreidde festivalar. Var du på Eidsbugarden i 2018 eller 2019 veit du allereie noko av kva ho har å by på. For de andre er det berre å gle seg! 

Foto: Lise Skarstein Jakobsen