Når beina er slitne etter fjellturar og dansing, er det godt å late hovudet få sin del. Det sørger eit lass med gode historieforteljarar for på Vinjerock. No er dei fyrste seks klare, lat deg inspirere av desse nydelege folka. 

Sist oppdatert 04. april 2024

Tor-Evert Grøndal vart me fyrst kjend med gjennom "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" på NRK. Han har delt raust omkring korleis det er å byggje opp att ein fjellgard i Valdres, finne den store kjærleiken Line og skape eit liv litt utanom det vanlege. Han pakker med seg den nye boka si "Småbruksdraumen - livet på landet og kva me eigentleg leiter etter" og tek turen for å prate om gardseventyret. Rett frå Haugenstua kjem ôg Javad El Bakali. Komikaren bak @utlendig.memes og forfattaren av boka "Dette er nordmenn" inviterar til ein humoristisk reise i norske verdiar på Oslos austkant. 

Me er ôg så heldige at me som nærmaste nabo har Fondsbu, der finn du bestyrar Solbjørg Kvålshaug. Ikkje berre har ho gjort Fondsbu til ein heim for alle som tek turen innom i over 20 år, ho er og ein makelaus forteljar med eit brennande hjarte for Vinje. Me vil sei det er naudsynt for ein kvar som vil kalle seg Vinjerockar å ta turen til Vinjestoga når Solbjørg fortel historia om fjellheimens ultimate rebell. 

Foto: Ask Synnevaag

Men me skal jo å få bryne oss på viktige og spanande historiar frå friluftslivet. Til fjells kjem den yngste kvinna som har gått Noreg på langs på ski, nemleg Guro Sandvin Groven. På 111 dager la ho bak seg heile 2500 km, frå Lindesnes til Nordkapp heilt åleine. Lurer du på kvifor ein 20-åring vel å gå ein slik tur og korleis det egentleg er, då har Guro svaret. Men me skal ikkje berre på Noreg på langs, men ôg på tvers. Konrad Åsnes vart i 2020 ein alder av 17 år lam frå brystet og ned under ei stupeulykke på tur med DNT. Kva gjer ein når livet snus på hovudet og alt ser heil annleis ut? Jo, ein blir den fyrste lamme personen som gjennomførar den 120 km lange ekspedisjonen Noreg på tvers. Og trur du ikkje det blir eit hjarteleg gjensyn med Ulrikke som veit akkurat kor du skal begynne med fastpacking, korleis du pakkar ein sekk på 3,5 kg for lengre fjellturar og har dei beste rutetipsa.