Sjølv om Intersport ikkje er til stades på festivalen i år er det mogleg å ta buss ut til Tyinkrysset for å handle hjå dei om ein treng noko ein ikkje finn på festivalområdet. Det går lokalbuss alle dagar, sjekk entur.no for rutetidar. Ellers går festivalen sine skyttelbussar fredag og laurdag, tidspunkt og meir info finn du her. På sjølve festivalområdet finn du dette tilbodet:
Krambua
I Krambua ved infoteltet finn du ikkje berre snacks og leskande drikke. Her sel me våre eigen feite effektar som postkort og vårt heilt eige frimerke, sydvest, gensar og t-skjorte med meir. I tillegg finn du masse vintagetøy og ikkje minst det mest essensielle for fjellfolk:
- Primusgass
- Ullsokkar
- Buff
- Luve
- Hanskar
- Myggspray
- Batteri
Pinsjmarknad
I år arrangerer Pinsj bruktsalg på Vinjerock. Alt du treng å gjere er å registrere deg som brukar på Pinsj, og finne fram bruktskattane du tenkjer nokon annan kan får glede av. Du registrerar varen på pinsj.no og tek den med på Vinjerock. Dei fiksar salet for deg, mens du nyt festival. Finn fram ullgenseren eller goretex-jakka som du har innerst i skåpet frå i fjor og gje det moglegheit til eit nytt liv. Dine brukte turklede kan bli nokon andre sitt nye favorittplagg.
Fondsbu
På Fondsbu finn du ikkje berre verdas beste kanelsnurrar, du finn og forbruksvarar som tannkrem, tannkost, deodorant, myggspray, solkrem, kondomar med meir.