Under Vinjerock er det kvart år rundt 600 personar i sving for å lage gode opplevingar for festivalfolket til fjells. 14. januar åpner me for frivilligsøknadar - bli ein del av gjengen då vel! 

Sist oppdatert 14. januar 2022

- Det beste med å vera frivillig på Vinjerock er at du får bli kjent med mange nye mennesker i eit fantastisk miljø omringa av spektakulær natur, seier frivilligansvarleg Marie Hoff

Som frivillig får du festivalpass og ei frivilligpakke med all infoen du treng. Alle får litt fritid til å nyte konsertane og festivalen. Du får også moglegheit til å vere med på ei heil helg med kickoff for dei frivillige i juni. 

Søk som frivillig her

Frivilligsjefen seier dei frivillige må vere budd på at dei får brukt kroppen godt under festivalen, og at ein får nokre fine dagar på jobb 1060 m.o.h. 

– Me er gode på å ta vare på kvarandre der oppe og det er mykje god stemning og mykje latter, seier Hoff.

Når du søker som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten, trykk HER for å lesa igjennom. 

Les meir om å vere frivillig

Nokre kjekke tips til frivilligsøknaden
Det er mange som søker om plass som frivillig til Vinjerock. Det trengs rundt 600 personar og me har tidlegare opplevd stor pågang for å vere med på laget. Frivilligsjef, Marie Hoff har difor nokre tips til deg som skal i gang med søknaden no.

1. Fortell oss om deg sjølv

– Me vil bli kjent med deg og kven du er, skriv kort og godt om deg sjølv. 

2. Skil deg ut

– Vi har fått søknader med både dikt og songar, men det viktigaste er at du fortel oss kvifor du passar som frivillig her. Vi går igjennom nokså mange søknader, så det er ein fordel å skilja seg litt ut.

3. Dobbelsjekk telefonnummer og epost

– Det er viktig at vi får tak i deg med informasjon. Sjekk derfor at du har skriva rett kontaktinfo. Vi har òg hatt litt trøbbel med nokon epost-tenester. Unngå gjerne å bruka hotmail, liva eller outlook, fordi dei har så høgt spam-filter. Brukt gjerne ei gmail-adresse eller andre servera.

4. Søk tidleg!

–  Jo tidlegare du søker jo betra er sjansane dine. Søkar du før mars, kan du forventa å få svar frå oss innan 31. mars.

Vi har frivillige i alle aldrar og skal legge til rette så godt som mogleg slik at alle får god opplæring og gode opplevingar, seier ho.