Når startar billettsalet for 2025?
6. desember klokka 12:00 kjem billettar til Vinjerock 2025 endeleg for sal på Ticketmaster. Gjer deg klar for å oppleve konsertar og spanande samtalar, delta på kurs og aktivitetar i vakraste Jotunheimen og ikkje minst ete nydeleg lokalmat frå Valdres. Ein kan maks kjøpe opp til fire festivalpass per person.
I festivalpasset er shuttlebuss tur/retur (torsdag og sundag) frå parkeringa og inn til festivalområdet inkludert og festivalcamp med sanitæranlegg.
Billettsal DNT-medlemmar
Er du medlem i Den Norske Turistforening (DNT) kan du ôg nytte deg av deira billettsalget 11. desember klokka 12:00. Ein kan maks kjøpe ein billett per medlem og hugs at alle som skal nytte seg av DNT-billettar må vere medlem i DNT når dei kjem på Eidsbugarden i sumar.
Slik foregår DNT-salet
DNT-medlemmar må logge inn på "Min side" på DNT sine sider, der finn du lenka til billettsalet og promokode du må nytte for å komme inn på billettsalet. Ha og medlemsnummeret ditt klart då du må fylle det inn ila. kjøpsprosessen.
Som medlem hjå DNT får du mellom anna medlemspris på DNT sine 580 hyttar, rabatt på turutstyr, medlemsbladet Fjell og Vidde, turar og kurs over heile landet og ein rekke gode medlemsrabattar.
DNT er Noregs største friluftslivsorganisasjon med over 300 000 medlemmar og starta allereie i 1868. Dei jobbar for å fremje eit enkelt, aktivt, allsidig og miljøvenleg friluftsliv og for å bevare natur- og kulturverdiar.
Hugs på
Me minnar om at av omsyn til tryggleik, naturvern og trivsel har vi nokre reglar for kva ein ikkje får ha med seg eller gjere i festivalcampen:
- Eingongsgrillar
- Glasflasker
- Høgtalarar som speler med eit lydnivå som nærmar seg konsertvolum, til dømes Soundbox
- Bålbrenning - nytt heller fellesgrillen vi set opp ved stranda
Det er lov å nytte primus, men vis omsyn og syt for sikker handtering av utstyret.