Endeleg, etter hard kniving i juryen er årets camp klar! 

Sist oppdatert 03. september 2024

Då juryen for årets camp tok turen ut i lyng, sol og ekstatisk stemning lot dei seg begeistre og imponere over  påfunn, steving (nokre i juryen raudna litt) og frykteleg god stemning. Det er klart det då ikkje er heilt lett å lande på kven som skal bli årets camp. Men til syvande og sist var det var det Camp Tve-camp som trakk det lengste strået.

Då juryen vitja campen var det sjølvsagt reint og ryddig hjå dei, med tydelege merka avfallsstasjonar for ulike fraksjonar, og eiga hyttebok for anledninga, slikt me kan sette pris på. Hjå Tve-camp var det sjølvsagt tvekamp i fokus, her kunne Vinjerockarane bryne seg på fjellpong, dialektquiz, mjølkespann, slegge og mykje meir gjennom festivalen. Her var det god kosa seg stemning heile helga! 

Og om du trur plasseringa var tilfeldig? Tru om att, dei hadde nemleg plassert seg nærme stigen slik at Vinjerockarane lett kunne stikke innom å delta i fellesskapet i campen, eit godt inkluderingstiltak meiner juryen. Då sundagen kom gjorde juryen ein siste sjekk, og alle var einige om at Tve-camp var godt kjend med konseptet sporlaus ferdsel.  

Med det slåande slageordet "kampen om festen" er det klart at Tve-camp vinn kampen og stikk av med den høythengande prisen Årets Camp og fire festivalpass til Vinjerock 2025. 

Juryen bestod i år av festivalsjef Guro, miljøsjef Marie, program- og PR sjef Johanne, blestsjef Jenny og Vinjerock sin samarbeidspartnar Norengros. 

Foto: Tordar Tømmervik