Katarina Barruk
Foto: Sara Berglund
Med den forrykande blandinga si av popmusikk, tradisjonell joik og improvisasjon kjem fantastiske Katarina Barruk til Vinjerock 2025. Barruk har vorte ei av Sábmies leiande stjerner og syng på morsmålet sitt umesamisk, eit språk på UNESCOs raude liste over kritisk trua språk.
- “Eg vil at musikken min skal gi fridom, eit pusterom for folk å kvile i korleis det er å vere menneske.”
Med eit enormt nærvær og ein musikk som formidlar både styrke og sårbarheit har Barruk skapt seg ein unik plass i dagens musikalske landskap. Etter banebrytande konsertar på Øya, Iceland Airwaves og Reeperbahn for å nemne nokon er det endeleg vinjerockarane sin tur til å bli teken med inn i Katarina Barruk si heilt eiga verd.
The Impossible Green
Endeleg kjem The Impossible Green heile vegen frå Trondheim til Vinjerock 2025. Denne meisterlege americanarock-kvartetten har kara til seg fleire og fleire fans sidan dei debuterte i 2020. Albumet deira frå 2024 In Technicolor og ei særs overbevisande konsert under by:Larm sette prikken over i-en og me såg ingen annan utveg enn å hente dei til fjells.
Med ein solid fot i det beste av det beste frå det rocka 70-talet og ein til fingerspissane raffinert kjensle for americana og nærståande sjangeruttrykk, er The Impossible Green godt på veg til å spele seg inn i dei fleste norske hjarte. Det ryktast også om ny musikk frå bandet i løpet av året så sjå opp for denne fine gjengen i tida som kjem.
Tacobitch
Vinjerock, gjer dykk klare for ein eksplosiv konsert utan sidestykke når sjølvaste Tacobitch inntek fjellheimen i sumar! Frå augneblinken dette mystiske maskerte kollektivet debuterte i 2019 har dei omdefinert kva ei liveoppleving kan vere. Den særeigne mixen deira av teatralsk scenekunst, hypnotisk musikk og kompromisslaus fandenivaldskheit har gjort dei til eit fenomen som fascinerar stadig fleire.
I 2023 tok dei det danske publikummet med storm under Roskilde, og vart ein av dei store snakkisane til festivalen det året. Danske P3 seier det best: “Det var faktisk svært at beskrive med ord, hvad der lige var foregået på Apollo-scenen, da norske Tacobitch var færdige med deres koncert fredag aften. For det lignede intet, undertegnede nogensinde havde set eller hørt. Ja, jeg var nærmest målløs og tom for ord, hvilket ikke sker så tit.” Med debutalbumet RATMODE i lomma er dei no klare for å setje fyr på den norske festivalsumaren, og då er Vinjerock ein sjølvsagd stoppestad på vegen. Trur du at du er klar for Tacobitch, tru om at?
Delara
Foto: Mike
Sjå opp Vinjerock, Delara er klar for å ta over Jotunheimen! Snakk om ein artist som kan gjere det meste. Nyleg vann ho prisen for Årets album under Spellemann, ho har samla saman millionar av streams med remixar og covere som "Gunerius" og "Josefin", og fungerer like bra på norsk som på engelsk. Om ho hoppar på "Piya Piya Calling" med Karpe eller slepp låtar med internasjonale artistar som Loredana, ser det ut til at alt Delara tek i, blir til gull.
Alltid personleg, sjangeroverskridande, energisk og nær publikum. Delara si stjerne held fram med å vekse, både nasjonalt og internasjonalt, og ho bevis gong på gong kvifor ho er heilt i særklasse blant norske artistar!
Les Imprimés
Foto: Tor Stensola
Les Imprimés tek turen til Vinjerock for første gong! Me mistenkjer at musikken til dette nye bandet leia av multiinstrumentalist, vinylsamlar og produsent Morten Martens snart kjem til å vere på alles lepper. Martens har vore produsent i ei årrekkje og vann til og med ein Spellemann heilt tilbake i 2006. Gjennom ei årrekkje har han samla på gamle gospel, soul og reggae-plater medan han har vore turnerande musikar og produsent for andre band og artistar. I dei seine nattetimane byrja hans eiga soloprosjekt å ta form.
Så kom Covid, og isolert på studioet sitt på Odderøya vart det fullt fokus på Les Imprimés. Med sin eigen vokal i spiss, omringa av tonar frå soulen til 60- og 70-talet, nikk til Doo Wop og trommar frå klassisk hiphop, er det no klart for alle vinjerockarar å tre inn i Les Imprimés imponerande musikalske verd.