Våren byrjer å springe ut og me feirar med å sleppe fire nye namn til Vinjerock i sumar. Det blir deilig pop, psykedelisk rock rett frå Danmark, vakre tonar i Vinjebue og frekk rock frå Bergen - for ein kombo! 

Sist oppdatert 09. april 2024

MICHELLE ULLESTAD

Gjer deg klar for ein popkomet av dei sjeldne, Michelle Ullestad kjem rett frå Bergen til Eidsbugarden! Ullestad har raskt etablert seg som ein bemerkelsesverdig artist og låtskrivar, med ærlege og nære beskrivingar av livets mange utfordringar satt til vakre og dansbare tonar (som vil ljome utover fjellheimen) har ho hausta lovord frå både norsk presse og musikkbransje. I 2023 slapp ho sitt kritikerrosa debutalbum Ingenting varer evig, og me skal danse til verda går under.

Foto: Sara Westergaard Karlsen 

 

AYSAY

Danske AySay er klare for Vinjerock 2024! Det Roskilde-aktuelle bandet sine konsertar er kjende for gjere det vanskeleg for publikum å ikkje sleppe dansen laus. Dei beveger seg sømløst mellom kurdisk, tyrisk og dansk og har befesta seg med sin heilt særeigne sound. Forvent psykadelisk rock og elektronisk pop i skjønnaste foreining som overraskar. Det blir groovy og det blir gøy!  

Foto: Sebastian Vistisen 

 

FANGST

Bandet fjellheimen treng, Fangst er klare for Vinjerock! Med medlemmar frå legendariske band som Death By Unga Bunga, og tidlegare frå Honningbarna og Hvitmalt gjerde, samt ein jazzflyktning frå Manhattan, er det klart at denne gjengen skal rocke Vinjerockarane i sumar. I februar kom dei med det deilige andrealbumet Fangst Sinatra, og me stiller oss bak Gaffa som uttala “Februar er så vidt i gang, men Fangst Sinatra er allerede en sterk kandidat til årets rockealbum 2024”. 

Ein kan beskrive dei som sporadisk farlig og søt, ein god kombo seier me. 

Foto: Knut Neerland 

 

RANDI OLINE 

Veit du at det å syne fram din nye favorittartist er noko av det kjekkaste me gjer? Og du, her har me ei perle til deg!

Randi Oline tek turen frå Brøttum til fjells i sumar, kor ho vitjar Vinjebue for ein akustisk konsert du seint vil gløyme. Med si særeigne stemme leverar ho musikk som er både sart og tilstedeværande. Med låtar som Gatene fylles av farger, Er dette til å overleve og eit nydeleg cover av Krisoffer Robin (Cezinando) i fjellsekken er ho klar for Vinjerock.

Fotograf: Nína Solveig Andersen