Vil du vere ein del av denne gjengen?

Sist oppdatert 27. november 2025

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival på Eidsbugarden i Jotunheimen. Festivalen har vore arrangert sidan 2006, og har vore utseld kvart år sidan 2009. Vinjerock har alltid vore tufta på frivilligheit, og gjennom heile året jobbar ein dedikert Vinjestab frivillig med å skipe festivalen. Staben har fire møtepunkter i året, som og er ein viktig sosial arena for medlemma. 

Ledige verv i Vinjestaben 

Når me har ledige verv i Vinjestaben legg me det ut her, så følg med eller ta kontakt om du er interessert!

 

Å vere i Vinjestaben:

Ein posisjon i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab på rundt 40 personar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida!

Løpande opptak! 

Har du spørsmål om verva? Ta kontakt med festivalsjef Ingebjørg Blomlie Müller på ingebjorg@vinjerock.no, tlf: 97530604   

Vinjerock ynskjer å gjenspegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar alle til å søkje, uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.