Klar for å meske deg i lokale råvarar? Menyen for 2025 er sett! 

Sist oppdatert 08. juli 2026

Meny 2026 

PotetBue
Opningstid:
torsdag: 14:00-02:30
fredag og laurdag: 12:00-02.30

Bakte potet

Bakt småpotet frå Lærdal med ost, rømme, bacon frå Solemsli, mais og heimelaga kryddersmør frå Barcraft Beitostølen.
Glutenfri (melk, sennep, sulfitt)

Bakte potet vegetar

Bakt småpotet frå Lærdal med steikt soppblanding, salatost frå Valdresost, rømme, mais, og heimelaga kryddersmør frå Barcraft Beitostølen.
Glutenfri (melk, sennep, sulfitt)

Kan serveres vegansk 

 

Grillen e Heit 

Opningstid
torsdag:14:00-02:30
fredag og laurdag: 12:00-02.30

Tyingrill m/ ValdresOst

Ei grillpølse frå Tyinlam stappfull av ost frå Valdresost lefse frå Valdres Bakst. Med Vinjerockblandings: rømme og tyttebær, eller lokalprodusert tzatziki fra Barcraft Beitostølen.
(Gluten, melk, sulfitt)

Burgar av lokalt kjøt

Servert med sylta raulauk, salat og vinjerockblandings i ein spesiallaga burgarbolle frå Gol bakeri. Kjøtet er frå Solemsli i Vang
(Gluten, melk, sulfitt) 

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød. 

Villfiskburgar

Gjeddekake frå Villfisken servert med heimelaga frisk kålsalat i ein spesiallaga burgarbolle frå Gol bakeri
(Gluten - hvete, melk, fisk, egg, sulfitt)

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød.

Steik! osteburger

Steik! ost frå Sygarden i Hålien. Servert med vårlauk, chilimajo og tomatsalsa fra Barcraft Beitostølen i ein spesiallaga burgarbolle frå Gol bakeri.  
(Gluten, melk, sennep, egg, sulfitt)

Kan serverast med glutenfritt burgerbrød

 

Babberi på kveldstid, kiosk på dagtid!

Opningstid Babberi:
torsdag-laurdag: 20:00-02:30.

Lammegyros

Kjøt frå Tyinlam servert i lefse frå Valdres Bakst med bakte småpoteter frå Lærdal, salatost frå Valdresost, ferske grønnsaker og lokalprodusert tzatziki frå Barcraft Beitostølen.
(Gluten, melk, sulfitt)

Grisebabb

Krydra kjøt frå Solemsli i Vang, servert i lefse frå Valdres Bakst med kålsalat og Vinjerockblandings
(Gluten, mjølk, sulfitt, sennep)

Veggis gyros

Steikt soppbladning servert i lefse frå Valdres Bakst med bakte småpoteter frå Lærdal, salatost frå Valdresost, ferske grønnsaker og lokalprodusert tzatziki frå Barcraft Beitostølen.
(Gluten, mjølk, selleri) 

Kan serveres vegansk

 

Kiosk

Opningstid kiosk:
torsdag: 14:00-20:00
fredag-laurdag: 11:00-20:00. 

Kaffe/te

Iskrem frå Cousins

pinneis Limonade

Pineis Skogsbær

Sandwich-is Sjokolade (a: melk, egg)

Sandwich-is Classic (a: melk, egg)

Nystekte kanelboller

frå Sjokoladenoter (gluten, melk, egg)

Plukktallik

Tapastallerken med lokale godbitar! Hellekurv og spekeskinke frå Helle kjøtt, og Tyinsnabben frå Tyinlam. Av oster har vi fastostene Bukono og Bufar, og Valdres brie - alt frå Valdresost. Servert med flatbrød frå Valdres Bakst, ripsgele fra Hervik og seterrømme. 

(Gluten, mjølk)

 

Oppskrift på Vinjerock-burgeren
Burger
Burger med Vinjerockblandings og ølsylta raudlauk

Vinjerockblandings til fire porsjonar:

2 dl rømme
1,5 dl tyttebærsyltetøy

Framgangsmåte:
1. Bland saman rømme og tyttebærsyltetøy
2. Om ynskjeleg, smak til med litt salt og pepar


Ølsylta raudlauk til fire porsjonar:

2 stk raudlauk
0,5 dl solbærsaft (konsentrat)
0,5 dl vatn
1 dl øl (gjerne lager eller noko med litt trøkk)
2 ss sirup
2 ss balsamicoeddik
ei klype salt og pepper etter smak

Framgangsmåte:

1. Kutt raudlauken i «halvmåneskiver»
2. Kok opp solbærsaft, vatn, øl, sirup og balsamico
3. Legg i laukskivene, smak til med salt og pepper, trekk kasserolla av plata og lat lauken stå og trekke til den er avkjølt.

Burgarane blir best med kjøttdeig frå ein lokal leverandør. Sjekk REKO-ringen på din heimstad for å sjå kva du kan få tak i. Vinjerock brukar Smådalskjøt frå Vang og Vestlandsk Storfe frå Vang. 

Legg til det du ynskjer av salat og grønnsaker, kjøp eller bak brød (me anbefalar Valdres bakeriet). Nyt!