Me gratulerer Klubb fargeKaos med quiz-sigeren!

Sist oppdatert 30. juli 2022

Spente vinjerockarar stimla foran Vesle Vinje då Mia og Ciderstig gjorde eit etterlengta gjensyn med den akkurat-passe-vanskeleg quizen. KoseLars stod for livlege tonar og god stemning. Ein kunne kjenne dei små grå jobbe hardt 1060 meter over havet - for ei lykke! 

Klubb fargeKaos er dei heldige og dyktige vinnarane av fire festivalpass til Vinjerock 2023, samt moglegheita til å kjøpe to billettar ekstra slik at heile laget kan reise opp og prøve seg på den legendariske quizen neste år også. 

Dei vil bli kontakta av Vinjerock.

 

Foto: Amund Janssen