Det kjem ein drøss med gode historieforteljarar til fjells i sumar. 

Sist oppdatert 21. juni 2022

Bergans presenterer: Bassene 

Bassene er ein spinoff av YouTube-suksessen Safari på safari, der Emil, Morten og Bergansambassadør Safari diskuterar tema som er meir eller mindre knytta til Noreg. Målet er å komme opp i hovudet og rauva på landet vårt, men ikkje forvent å lære noko som helst, då dei har ein tendens til å rote seg bort på vegen.

Foto: Luckyview

 

Sweco presenterer: Fjell frå eit sykkelsete 

Andreas Køhn har gjeve opp bilen til fordel for sykkelen. På vegen til fjellet har han funne godbitar han før berre har sust forbi. Til Vinjerock kjem han for å fortelje om eit sakte friluftsliv på sykkelsete.

 

DNT ung og Alfa Sko presenterer: Friluftsliv for hovud og kropp 

Me er alle einige i at frisk luft gjer godt for både hovud og kropp, men kvifor er det eigentleg slik?

Tida ute i naturen og vår psykiske helse kan for mange av oss gå hand i hand. Men korleis kan ein bevisst bruke friluftsliv for å betre vår psykiske helse, og er det sant at det faktisk hjelpe? Dette skal vårt panel beståande av Mats Grimsæth, Une Cecilie Oksvold, Lisa Maiken Nordsveen og Marius Dalseng prøve å svara på. 

  

Foto: Tord Karlsen (Mads Grimsæth)

 

"Ro i vår lengste fjord" bokbad med Sigri Sandberg

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år.

Sigri bestemmer seg for å ro og fortelje denne fjorden. Utgangspunktet er uro i eigen krets og i verda. Ho treng ro. Og vil ro dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt.

Sandberg er friluftsentusiast og elskar naturen, og kjem no endeleg til Vinjerock med si nyaste bok “Ro”. I dette bokbadet får ein høyre om hennar spektakulære rotur langs Sognefjorden og reisa mot å finne ro.

 

Samane før og no - om urbefolkninga frå nord 

Med foredraget Samane før og no - om urbefolkninga frå nord vil Ánde ta tilhøyrarane med på ei reise til det samiske samfunnet og folket. Historia om samane er ukjend for dei fleste. På Vinjerock ha ein difor ein unik moglegheit til å bli kjend med det samiske samfunnet sett frå det samiske perspektivet.

Foto: Kenneth Hætta

 

Solbjørg om Vinje 

Solbjørg har drive fondsbu over 20 år, og kjenner Aasmund Olavsson Vinje betre enn dei fleste. Ho fortel gjerne historiar, les dikta eller syng songane på hans tekstar til gjestene sine. 

 

Stigar og knauser - vegen mot løping i fjellet 

Noreg er eit perfekt utgansgpunkt for fastpacking, som er ein kombinasjon backpacking og springing, der ein pakkar så lett og smart at ein kan forflytte seg raskt på stigar i skog og fjell over fleire dagar. Med eit velutvikla nettverk av DNT-hytter, merka stigar og bekkar å drikke av. Over kvar einaste fjellknaus, er norges fjellheimer nærast skapt for denne veksande aktiviteten. 

For fira år sidan bytta Ulrikke ut fjellstøvlane med nokre lette løpesko, no kjem ho til fjells for å dele av eigne erfar

 

Vide vidder med Moa 

Alle verdas hjørner. Lange kvite vidder, store bratte fjell. Norsk lyng i rauva, deilig solbrune kinn. Samme store gleda, naturen som er aller kjæresta sinn. Foredraget til Moa er dedikert til moder jord, frå korte fine augeblikk i der fri og den store vide verden. 

Moa Hundseid er ei fri sjel som leitar etter gode vibbar jorda rundt. Lange skiturar og høge fjell er den store lidenskapen som ho delar med hennar polarhundar.

 

Sjå heile programmet til Vinjerock 2022