Gutane i brenn. er klare for å komme til fjells, er du?

Sist oppdatert 28. november 2021

Dei energiske Spellemannvinnarane brenn. kjem til Vinjerock. Bandet er kjende for sine elleville konsertar, alt ved brenn. syner at rock framleis kan vere uredd, fri, uhøgtideleg og fargesprakande. Med den ferskaste singelen “Jeg gir opp” fekk me nok ei energibombe frå bandet - og ein musikkvideo kor me kan sjå gutane sjå (lengtande?) innover Tyin og mot Eidsbugarden. Me lengtar iallfall til å få brenn. til fjells, og med seg har dei sitt rykande ferske album “Vandrer på solskinn” som er ute 7. januar.

Foto: Isak Jenssen