Lavotellet er fjellets beste hotell. Kom til ferdig oppsett lavvo på torsdag, og slepp styret med å pakke han ned igjen sundag morgon. Det fiksar nemleg me! 

Sist oppdatert 11. april 2023

Me byr på ferdigrigga lavvo med fyring og ved. Og meir attåt. Lavotellet ligg i kort avstand frå sjølve festivalområdet og er for deg som vil køyre på med maks komfort på høgfjellet. 

Praktisk info

Pris 8299,- 

Lavvoen har plass til 6-8 personar, men me anbefalar 6 personar. Lavvoen har golv, vedomn og ein vedsekk inkludert i leia. I tillegg kan dette tingast separat:

  • Liggeunderlag 100,- per stykk
  • Feltseng 250,- per stykk (OBS! Skal du ha feltsenger i lavvoen er det berre plass til 4 personar/4 feltsenger.)
  • Meir ved kan kjøpast undervegs i festivalen

Innsjekk og utsjekk

Innsjekk: Torsdag 21.juli mellom kl. 11.00 og kl. 17.30, send oss en mail på post@vinjerock.no om de ynskjer seinare innsjekk.

Utsjekk: Sundag 24. juli kl 12:00

Lavvotellet har eigen bemanna «resepsjon», som bistår i løpet av helga ved behov for service og bistand.

Velkomen til fjells!