Den mest høgthengande utmerkinga ein Vinjerockar kan få er Årets Camp. Me er glade for å kunne fortelje at årets camp 2022 er Camp Bacalao, dei stikk av med heile 4 festivalpass til Vinjerock 2023!

Sist oppdatert 04. desember 2022
Campen er blitt eit fast innslag på Vinjerock, der dei bidreg sterkt til det sosiale samhaldet i campen. Under fredagen inviterer dei til bacalaofest, der dei serverer opp mot 200 porsjonar bacalao til vyrde festivaldeltakarar.

Camp Bacalao har teke store seg for å vere ein meir bærekraftig camp dei siste åra. Dei har kutta ned mest mogleg eingangsutstyr - har fokus på matsvinn og sporlaus ferdsel. Dei samkøyrer til festival med heilt fulle bilar, og tek med seg alt ned igjen, til og med ølfata som dei serverer heimebrygga øl frå.

Dei viser ein kreativitet, originalitet, og iver etter å lage god stemning. Det viktigaste er jo trass alt å kosa seg!

Foto: Joakim Mangen