Ein posisjon i Vinjestaben er frivillig. Du går inn i ein stab rett i overkant av 30 gruppeleiarar som jobbar heile året med å førebu Vinjerock. I løpet av året har staben fire faglege og sosiale samlingar. Som stabsmedlem får du ta med deg ein gjest gratis, samt tilgang til å kjøpe to festivalpass til venner og andre godar. Ikkje minst får du vere med å forme korleis Vinjerock skal vere i framtida og ta del i eit skikkelig triveleg og godt fellesskap.
Miljøsjef
Som miljøsjef i Vinjerock er du ansvarleg for ein god avfallshandtering, som vidare bidreg til at alle som kjem opp på Eidsbugarden under festivalen opplever ein ryddig og triveleg festival. Dette er ikkje noko ein skal stå med åleine, du vil ha ein trygg og god gjeng med på jobben. Saman med både andre i staben, samarbeidspartnarar, leverandørar og frivillige på festivalen vil du delegere oppgåver for handtering av ulike typar avfall, koordinering av tømming av festivaltoaletta og bestilling av frakt og midlertidig oppbevaring av avfallet. Hjå oss vert du del av ein sosial og flink gjeng der alle hjelper kvarandre. Det ligg også mykje læring, nye erfaringar og utfordringar i stillinga. Inga dag er lik!
Miljøsjefen er ein del av avdelinga for Området saman med mellom anna områdesjef og NK området som har overordna ansvar for infrastrukturen, det meste fysiske og praktiske på festivalområdet. Transportsjef og NK transport som er ansvarleg for transport av personar, fysiske gjenstandar, parkering og andre oppdrag som tar for seg køyring. Men som miljøsjef jobbar du også tett saman med andre avdelingar i staben, til dømes kjøkken for matavfall og farleg avfall.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje leveranser og retur på søppelkontainere
- Planleggje innkjøp for miljø.
- Planleggje for og gjennomføre ei drift med gode rutinar og HMS.
- Velje ut dyktige frivillige og koordinere kven som skal gjere kva, til kva tid.
- Sikre god arbeidsmoral blant frivillige.
- Ha god kommunikasjon med leverandørar og områdesjef, både før festivalen, under gjennomføringa og i etterkant.
- Ha eit godt overblikk over behova og leie dei andre i arbeidet.
Eigenskapar
- Du er god på system og strukturar
- Du har eit godt overblikk
- Du er løysingsorientert og fleksibel
- Du har gjerne erfaring frå miljø
- Du er god på kommunikasjon
Har du lokal tilhøyring til Valdres oppmodar me deg særleg til å sende oss ein søknad.
Spørsmål om stillinga? Send til eskil@vinjerock.no
Har du lyst til å vere miljøsjef på Vinjerock? Send ein kort (mindre enn A4) tekst om deg sjølv og fortel oss kva erfaringar du har til eskil@vinjerock.no