VinjeFM pratesjov

fredag 19.07 kl. 13.00
Vinjefm (1)
VinjeFM inntek scena på Vinjerock for eit pratesjov ein seint vil gløyme! Det blir diktkonkurranse, det blir gjester, det blir skitprat og det blir høvele god stemning når Marit og Espen leverar sjov i skikkeleg Vinjerockstil. 

Send inn ditt dikt og vinn festivalpass til Vinjerock 2025
Bli med på Vinjerock si store dikt-tevling, og vinn gjeve premiar!
Sitt du med ein liten diktar i magen som vil ut? Då er dette konkurransen for deg! Diktet kan vere kort eller langt, artig eller sinna, kanskje romantisk? Kanskje blir det episk, lyrisk, prosa eller eit haiku? Me veit ikkje - men er uansett klare for å kaste oss ut i ei verd full av dikt.
Dei beste dikta får tevle live på VinjeFM sitt pratesjov under festivalen, og vinnaren vinn to festivalpass til Vinjerock 2025!
Du kan sende inn ditt dikt til VinjeFM@vinjerock.no fram til 18.07.2023 kl 15.00.

Ta med: 

  • Lattermusklane 
  • Din eigen stol (du må ta den med ut av området att etter quiz)