Real Ones - 30 år med musikk og kjærleik

lørdag 20.07 kl. 14.45
Foto Francisco Munoz Real Ones Press Prhoto 2022 A

Vinjerockfavorittane Real Ones fyller 30 år og det skal me feira med ein jovial samtale på Vinjerock. Bergensbandet er ikkje berre kjend som eit av dei beste norske livebanda, men og som eit av dei mest sympatiske. Real Ones sin kjærleik for natur, klode og menneskeslekta sitt vel har alltid vore godt avspegla i musikken deira. 

Til å leie samtalen kjem Julie Forchammer, gamal Vinjerocksjef, men og gamal Real Ones manager. Det var på Studentradioen i Bergen for omkring 30 år sidan at bandet vart intervjua for aller fyrste gong, av nettopp Forchammer på andre sida av bordet. Dette blir gjensynet me alle har draumt om.

Foto: Francisco Munoz