Frå klatring til krise

lørdag 20.07 kl. 12.00
Foto Pernille Kjerstad

Kaisa Markhus drog til Afghanistan for å lære unge jenter i eit mannsdominert samfunn å klatre. Gjennom å meistre friluftsliv i høgda lærte dei ôg å meistre livet og å leie andre i eit fellesskap med andre unge kvinner. Men alt vart snudd på hovudet då Taliban tok Kabul 15. august 2021. Kaisas viktigaste oppgåve skifta raskt frå å vere klatreinstruktør til å slette spor, brenne dokument og ikkje minst redde liv. For korleis får ein jentene ut av Afghanistan når ein sjølv må flykte?

No kjem Kaisa endeleg til Vinjerock for å snakke om sine opplevingar i Afghanistan og arbeidet med evakueringa av dei utsette unge kvinnene som vart att.

Foto: Pernille Kjerstad