Eventyrstund for vaksne

torsdag 18.07 kl. 15.00
Marianne20240626 1

Ikkje alle eventyr er for barn. Erotiske eventyr er på ingen måte for barn, og det er nettopp slike eventyr vi no byr på.

Dei erotiske eventyra har eit frodig språk og ei handling lite eigna for sarte vaksne. Som dei klassiske folkeeventyra er dei overlevert frå munn til munn i uminnelege tider før dei vart skrive ned for snart 200 år sidan. Men dei erotiske eventyra vart sensurert i mange år før dei fekk kome fram att i lyset. Og no blir det altså høgtlesing av erotiske folkeeventyr i storteltet på Vinjerock torsdag kl. 15. Blir det Vinjerock sitt svar på pute-tv når Marianne les?