Stigar og knauser - vegen mot løping i fjellet

lørdag 23.07 kl. 13.00
IMG 5874

Lurar du på korleis ein dreg på fjelltur med ein sekk som veg under 3, 5 kilo? 

Noreg er eit perfekt utgansgpunkt for fastpacking, som er ein kombinasjon backpacking og springing, der ein pakkar så lett og smart at ein kan forflytte seg raskt på stigar i skog og fjell over fleire dagar. Med eit velutvikla nettverk av DNT-hytter, merka stigar og bekkar å drikke av over kvar einaste fjellknaus, er norges fjellheimer nærast skapt for denne veksande aktiviteten. 

For fira år sidan bytta Ulrikke ut fjellstøvlane med nokre lette løpesko, utan å ha spesielt mykje erfaring med å korkje springe langt eller mykje. Det skulle berre ein tur i fjellet til før ho skjøna at dette skulle bli den nye standaren for dei årlege hytte-til-hytte-turane, og ho har ikkje sett seg tilbake sidan. Ulrikke fortel om hennar erfaringar, kvifor ein kan pakke ein fjellsekk på under 3,5 kilo og samstundes ta hand om tryggleiken når ein spring i fjellet. Dette er foredraget for deg som er nysfjerrig på fastpacking og som treng pakke- eller rutetips, eller for deg som aldri har høyrt om det, men kanskje er på utkikk etter ein ny hobby? Springing i fjellet er for dei fleste!