"Ro i vår lengste fjord" - med Sigri Sandberg

torsdag 21.07 kl. 14.00
Sigri 2019

Til Vinjerock kjem forfattar Sigri Sandberg for å fortelje om si nyaste bok "Ro". 

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år.

Eg bestemmer meg for å ro og fortelje denne fjorden. Utgangspunktet er uro i eigen krets og i verda. Eg treng ro. Og vil ro dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Eg startar ytst i havet der eg budde som lita, og ror innover mot garden der eg delvis bur no. Undervegs fortel eg om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Er fjorden eigentleg frisk? Eg ror med mannen, venninner og mor mi – på ulike strekk.

Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn eg ro?

Ro er ei forteljing om vår lengste fjord – og eit forsøk på å finne heim.

Sigri Sandberg er journalist, forfattar og forteljer og står mellom anna bak boksuksessar som “Mørke”, "Frykt og jubel i Jotunheimen" og "Polarheltinner". Ho er friluftsentusiast og elskar naturen, og kommer no endeleg til Vinjerock med si nye bok “Ro”. I dette bokbadet får me høyre om hennar spektakulære rotur i Sognefjorden og reisa mot å finne ro.