Sweco presenterer: Fjell frå eit sykkelsete

lørdag 23.07 kl. 11.00
Andreas

Andreas Køhn har gjeve opp bilen til fordel for sykkelen. På vegen til fjellet har han funne godbitar han før berre har sust forbi. Til Vinjerock kjem han for å fortelje om eit sakte friluftsliv på sykkelsete. 

På eit tidspunkt i livet stod Andreas Køhn ved eit vegskille. Han hadde bestemt seg for å avlive bilden, male den opp til spiker, sende han til dei evige automotive jaktmarker. Men kva no? Ny bil? Tilbake til det kjende og tryggje?

Etter nokon ikkje altfor grundige overtenkingar valde Andreas bort bilens beagelege og vernande skal, hoppa på sykkelen og tråkka ut i det nordnorske vêret hjarterå famn. Jobbsyklinga gjkk som ein leik. Etter kvart som vinteren kom snikande inn bakfrå kom tvilen: “Var dette eigentleg ein god ide? Det er ganske langt å sykle til dei fleste skifjella rundt Bod.” 

Hadde nokon gjort det før? Internett måtte konsulterast. Det viste seg å vere svært få som hadde hatt same glimrande ide som Andreas, faktisk ingen. Bortsett frå nokre som hadde sykla litt på våren, men dei tel ikkje. 

Han sykla heile året, same kva. Som syklist gjekk alt i mykje lågare tempo, samenlinka med bilens formidable hastigheit. Mens beina vispa sykkelen sakte framover fekk han god tid til å studere fjella han tidlegare berre hadde blest forbi i bilen i det eivinnelege jaget etter den ypparste formen for villsnø. 

Inne i den rullande sardinboksen satt Andreas varm og var så fokusert på målet at han gjekk glipp tå alle dei godbitane som lå like utanfor døra.

Presentert av Sweco