Valkyrien Allstars

Valkyrien Pressebile Foto Øystein Etterlid

Eit av Noregs beste liveband tek turen til fjells og har sidan 2007 blitt ein naturleg del av platesamlinga (spotifylista) over det ganske land. Valkyrien Allstars er kjende for å gå i bresjen for kva norsk folkemusikk kan vere, dei dreg stadig i nye retningar og har skapt eit særeige univers dei ikkje deler med nokon annan. Det siste studioalbumet Slutte og Byne har blitt kalla eit meisterverk og folkemusikk for framtida. No er me klare for at meisterverket kjem til Vinjerock.

Foto: Øystein Etterlid