Thea & The Wild

Theaandthewild Deadheadingtour 2022 Pressebilde 02 By Magdalena Malinowska

Tenkj varmt, organisk, luftig, gitarbasert og ekstremt nynbart og der har du Thea & The Wild. Bak artistnamnet finn me musikar Thea Glenton Raknes, ho er kjend for ei nerve og ein nærvære på scena som er få forunt (og serverer gjerne nokre artige anekdotar mellom slaga). Debuten kom i 2014 til strålande respons og Spellemannsnominasjon og  albumet Ikaros frå 2018 blei trekt fram som eit av ti album ein burde lytte til av Rolling Stone Magazine (!!!). No tek ho med seg sitt nyaste album Deadheading og snur nasen mot fjellet og Vinjerock. Me gler oss!

Foto: Magdalena Malinowska