Skambankt

torsdag 21.07 kl. 23.00
Skambankt 2018 Foto Eirik Halvorsen 11

Etter nærare to tiår på vegen og ti album i (fjell)sekken, takkar Skambankt for seg. Men ikkje før dei får laga liv 1060 meter over havet. Skambankt har befesta seg som eit av dei største rockebanda i Noreg. Deira unike vri på melodisk og hardtslåande, men å poetisk og meiningsbærande rock har råka ei umiddelbar nerve hjå norske lyttarar. Bandet som oppstod ved rein tilfeldighet har ikkje vitja fjellheimen sidan 2010 og me tykkjer det er på høg tid at dei vender snuten mot Vinjerock. Dei lovar å skru opp tempoet med hardtslåande tekstar og riff. Det blir ein siste fest, og ein takk til fansen som har heldt med dei alle desse åra. 

Foto: Eirik Halvorsen