Sara Parkman (SE)

lørdag 23.07 kl. 19.00
Sara Parkman Foto Nina Andersson Voigt 3

Folkemusikar Sara Parkman frå Sverige tek i sommar turen til Vinjerock. Ho har allereie rukke å samarbeide med store namn som Bob Hund, Silvana Imam og Fever Ray, samstundes som hennar eigen solokarriere har teke av. Parkman har også vunne fleire prisar for musikken sin, mellom anna Årets Artist og Årets Album, og fått ein Grammisnominasjon for sitt album Vesper - som vart skildra som genial av anmelderane. Me gler oss utruleg mykje til ho inntek Jotunheimen og scena med si mektige stemme.

Foto: Nina Andersson Voigt