Emil Kárlsen

fredag 22.07 kl. 18.00
Emil Karlsen Foto Ørjan Marakatt Bertelsen 61

 



Emil Kárlsen frå Omasvuotna/Storfjord i Troms skriv musikk på nordsamisk og har allereie utmerka seg som musikar, låtskrivar, produsent og skodespelar. Hans debutalbum Nagirvárrái (til søvnfjellet) kom i 2021 og inneheld samarbeid med blant anna Arktisk Filharmoni og anerkjende samiske artistar som Lávre, Katarina Barruk og Hildá Länsman, i tillegg til gjesteopptredenar frå Ella Marie Hætta Isaksen frå ISÁK og Áidna. Til Vinjerock tek han med seg eit sound ein ikkje har høyrt på Sápmi før - det blir fengande låtar og poetiske tekstar svøpt inn i eit unikt og leikent univers. Me gler oss!

Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen