DRAMAqueen

fredag 22.07 kl. 00.15
Dramaqueen Foto Orhan Kuresevic

DRAMAqueen er dj-duoen bak det skeive klubbkonseptet med same namn av Bente Jørgensen og Martine Hammervold-Austinat. Sidan første klubbkveld i 2018 har dei produsert Fredagen akka Kvinnekvelden for Oslo Pride, spelt over det ganske land og heldt koken ein kveld i månaden på Elsker i Oslo. Klubb DRAMAqueen er lite sjølvhøgtideleg, fullt av glitter og guilty pleasures. Austinat leverar ei deilig blanding av pop, rnb, throwbacks, remixane du ikkje forventar og alt ho elsker av bassdreven musikk. Bente Talentet køyrer ut den geniale miksen av hip hop, elektronika og hits du treng i fjellheimen. 

Velkommen til fjells DRAMAqueens! 

Foto: Orhan Kuresevic